Med utanlandsk namn er det mange jobbsøkjarar som ikkje når så langt som til intervjurunden eingong. Eit knippe damer som har erfart akkurat det håpar Jobbsjansen kan hjelpa dei.

Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen
Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen

 Kvar måndag føremiddag samlast fem innvandrardamer frå ulike nasjonalitetar på eit møterom på Nav-kontoret. Dei er handplukka til å vera med i Jobbsjansen, eit nasjonalt prosjekt i regi av Integrerings- og mangfaldsdepartementet. Gjennom dette får dei hjelp til å koma ut i arbeidspraksis, i tillegg til at dei mellom anna lærer litt om norsk kultur, samt korleis dei best kan presentera seg for potensielle arbeidsgjevarar. Sistnemnte er det i alle fall heilt naudsynt å læra meir om, har dei erfart. For felles for dei alle er at dei, trass i fleire år i Norge, enno ikkje har fått fast arbeid. 

– Eg kom hit med stort pågangsmot, og søkte på svært mange ulike jobbar. Men enten så hadde dei ikkje bruk for folk, eller så sa dei at eg snakka for dårleg norsk, fortel Dani Morgenstern frå Tyskland.

Ho kom til Norge i 2012. Sidan har ho jobba litt som ekstrahjelp på Handeland gard, men nokon fast jobb har ho ikkje vore i nærleiken av enno. 
– Men gjennom Jobbsjansen har eg endeleg fått meg praksisplass ved Herøysundet kompetansesenter. Her er eg i vekedagane, og eg stortrivst. Draumen er å få noko fast her på sikt, seier ho.

LES OGSÅ: Folk på bygda overvurderer innvandringa

Vanskeleg å få praksisplass
Rettleiar for Jobbsjansen, Silje Olsen Økland, seier det er ei utfordring å få tak i praksisplass til jentene. Det er første året Jobbsjansen blir gjennomført i Kvinnherad, og ho er overraska over kor raskt dei blir avviste når dei presenterer namnet på den dei ønskjer å få utplassert. 

– Poenget med å få jentene ut i praksis, er at dei skal tileigna seg arbeidserfaring, i tillegg til å få gjort seg kjende for potensielle arbeidsgjevarar. Noko som ikkje kostar arbeidsgjevaren éi krone, sidan prosjektet får støtte frå departementet. Men ofte kjem vi ikkje så langt som til å seia kva jenta er utdanna til eingong, før vi får beskjed om at det ikkje er plass til henne. Det er nok å seia det utanlandske namnet, seier Olsen Økland.

Eitt døme var då ho skulle hjelpa Jovile Ridzeviciene frå Litauen med praksisplass. Ridzeviciene er utdanna byggingeniør, og har fått godkjent utdanninga si i Norge. Men trass i ein skrikande etterspurnad etter ingeniørar her til lands, fekk ho ikkje praksisplass som dette. 
– Det var eg veldig overraska over. Heldigvis fekk ho praksisplass til slutt, som butikkmedarbeidar på Nille. Men kompetansen hennar får ho jo ikkje utnytta, og det er synd, meiner rettleiar Olsen Økland.

Ei som har vore heldigare i så måte, er Magdalena Mikulska frå Polen. Ho har ein mastergrad i engelsk, og har no praksisplass ved Husnes ungdomsskule. 
– Eg er med som assistent i engelskundervisinga, pluss at eg faktisk har litt norskundervising. Morosamt, med tanke på at eg ikkje er så stødig i norsk endå. I tillegg er eg morsmålsassistent for polske elevar, fortel Mikulska, som drøymer om å få seg jobb som engelsklærar på sikt.

Supermotivert
– Dei seks deltakarane i Jobbsjansen er plukka ut blant mange søkjarar. Eit viktig kriterium for å koma med, er at ein er supermotivert for å koma seg i jobb. Det er følgjeleg alle som sitt her i dag, fortel Olsen Økland.

Ho fortel at deltakarane har ulike bakgrunnar, både i høve til nasjonalitetar og utdanningsnivå. 
– Her er alt frå analfabetar til masterutdanna jenter. Etter Jobbsjansen, som byrja i november i fjor og går fram til komande november, håpar vi på at alle er eitt skritt nærmare fast jobb, seier ho.

Dani Morgenstern håpar på det same. 
– Det er veldig vondt å bli avvist på arbeidsmarknaden, gong etter gong. Det går ut over sjølvtilliten. For trass i at eg veit med meg sjølv at eg er flink til å jobba, mister eg meir og meir trua på at det er bruk for meg. Eg håpar Jobbsjansen gjer slik at det ljosnar litt, seier ho.

Saka var først publisert i Kvinnheringen. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE