– Pluss med to norske skriftspråk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vel 50 personar, blant andre politikarar, forskarar, representantar frå media, næringsliv og forlagsbransjen, deltek på nynorskdagen. Og både kulturministeren og statssekretær Knut Olav Åmås har sett av heile dagen til nynorsk og Sogn og Fjordane.

– Vi set stor pris på at de har teke turen, og at de set av heile dagen. Nynorsk er veldig viktig for oss i Sogn og Fjordane, og det er ein stor del av identiteten til folk i fylket, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes, ifølgje ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Debatt om retten til svar på eige språk
Kulturministeren fortalde at regjeringa i stor grad vil følgje hovudlinene i stortingsmeldinga «Mål og meining» frå 2008 i språkpolitikken. Det skapte likevel reaksjonar i salen då ho la fram regjeringa sin ambisjon om fjerne kravet i mållova om at privatpersonar og kommunar skal få svar frå staten på si eiga målform.

– Vi vil erstatte kravet til svar på eiga målform med ein rett for statstilsette til å kunne skrive på si eiga målform, sa Widvey, som trur dette kan vere med å skape eit betre språk i staten.

Her møtte ho motbør frå både leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, og kommunikasjonsdirektør Anne Mette Hjelle i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

– Blir det opp til kvar enkelt tilsett i staten, då veit eg kvar dette går, slo Hjelle fast og fekk støtte frå Tennø, som la vekt må at der nynorsken blir sett, der veks han.

Nynorsk er eit stort språk
Direktør ved Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, opna nynorskdagen med ein gjennomgang av språkfylket Sogn og Fjordane. Han gjekk gjennom fakta om og trekk ved utviklinga av nynorsken i fylket. Aller først konstaterte han at norsk er to store språk i verda – både bokmål og nynorsk er store språk i verdssamanheng. Han gjekk så over til Sogn og Fjordane, som er eit «kjerringa mot straumen-fylke» når det gjeld nynorsk.

 

– Nynorsk er under press på enkelte område på landsbasis, men i Sogn og Fjorden går bruken av nynorsk stort sett opp. Der vi har raude piler nedover nasjonalt, har vi gjerne grøne piler oppover her i fylket, sa Grepstad.

Han trekte vidare fram offentleg forvalting, skule, kyrkje og media som viktige institusjonar for statusen til nynorsken både i Sogn og Fjordane og i resten av landet. Grepstad var også oppteken av at sjølv om det ser bra ut for nynorsken i Sogn og Fjordane i dag, så kan vi ikkje slå oss til ro med det no.

Eit pluss med to skriftspråk
Også kulturministeren er samd i at det bør vere positivt for Noreg at vi har to ulike skriftspråk.

– Det var lenge sett på som problematisk at nasjonalspråket vårt var delt i to skriftspråk. I dag bør det vere brei semje om at det er eit pluss at vi har to norske skriftkulturar og to norske skriftspråk. Det er viktig at vi handterer situasjonen slik at alle oppfattar det slik – som eit pluss og ikkje som eit irritasjonsmoment eller eit trugsmål, sa Widvey.

Både statsråden og dei andre frammøtte fekk også ein rapport frå forskingsfeltet ved professor Øystein Vangnes ved Universitetet i Tromsø. Resten av dagen er sett av til «Den nynorske språkkvardagen». Her gav representantar frå offentleg sektor, næringsliv, media og friviljug sektor eit innblikk i utfordringar i kvardagen. Og assisterande fylkesmann, Gunnar O. Hæreid, slo mellom anna eit slag for å få Grunnlova på nynorsk.