Samordna opptak rapporterer om rekordhøge søkjartal til høgare utdanning – og fleire vil bli lærarar for dei minste.

Etter hovudopptaket i april har Samordna opptak registrert 119 900 søkjarar til høgare utdanning. Dette er kring 2750 fleire søkjarar enn i fjor, melder Samordna opptak i ei pressemelding.

Størst auke for lærarutdanninga
Auken er størst for 5-årig intergrert lærarutdanning (+16 prosent). Grunnskulelærarutdanninga 1. til 7. trinn har ein auke på 3 prosent, medan grunnskulelærarutdanninga for 5. til 10. trinn går ned med omtrent det same. Barnehagelærarutdanninga har ein auke på 5 prosent frå i fjor.

– Det er gledeleg at fleire ønskjer å utdanne seg til barnehagelærarar og grunnskulelærarar. Det er eit stort behov for fleire dyktige barnehagelærarar og lærarar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Set studiane på vent for elevane

Talet på søkjarar med ein av lærarutdanningane som sitt førsteval har auka med kring 60 prosent sidan 2008. Veksten har vore størst for den femårige integrerte masterutdanninga (lektorutdanninga). Av alle utdanningane med 1. 000 studieplassar eller meir er dette den største prosentvise auken frå året før.

– Eg er veldig nøgd med at stadig fleire lærarstudentar bestemmer seg for at dei vil ta master allereie frå starten. Det gir oss endå meir kompetanse i skulen, seier Røe Isaksen.

Sakkar akterut
Grunnskulelærarutdanningane har likevel sakka akterut i konkurransen om søkjarar til høgare utdanning dei siste åra. Sjølv om søknadstala til 1. til 7. trinn har gått opp, har talet på søknader til 5. til 10. trinn gått ned sidan i fjor.

LES OGSÅ: Studiane som gjev dei beste jobbane

Færre ønskjer også å ta faglærarutdanning, og søknadsveksten for barnehagelærarutdanninga vil ikkje vere tilstrekkeleg for å dekkje behovet for faglært arbeidskraft i framtida, ifølgje Kunnskapsdepartementet.

– For at det skal verte eit tilstrekkeleg tal på lærarar i barnehage og grunnskule i framtida, er vi avhengige av at søknadsveksten held fram dei neste åra. Regjeringa vil følgje opp den auke etterspurnaden etter master i lærarutdanningane. Målet er å innføre master som hovudmodell, også for grunnskulelærarutdanningane, seier Røe Isaksen.

Fleire vil bli ingeniør og sjukepleiar
Også ingeniørutdanninga, realfag, informasjonsteknologi, sjukepleiarutdanninga og sosionomutdanninga har hatt solide oppsving sidan i fjor.

Medan ingeniørutdanninga har hatt ein auke på 8 prosent, har realfag hatt eit oppsving på 12 prosent. Informasjonsteknologi har auka med 9 prosent, sjukepleiarutdanninga med 11 prosent og sosionomutdanninga med 8 prosent.

Størst nedgang har det vore for pedagogiske fag og mediefag. Dei har begge gått ned med 8 prosent.

LES OGSÅ: – Vanskeleg å velje utdanning

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

Kommentarar

ANNONSE