KrF kjempar vidare for legereservasjonar
Forslaget om reservasjonsmoglegheit for fastlegar i abortspørsmål er skote ned, men KrF varslar vidare kamp for at legar skal kunne følgje samvitet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
KrF kjempar vidare
– KrF har heile vegen sagt at vi vil vareta rettane til kvinna. Men det er samtidig viktig for oss å vareta at legar skal sleppe å handle mot samvitet sitt i liv/død-spørsmål, seier helsepolitisk talskvinne i partiet Olaug Bollestad til NTB.
– Når vi kan klare å sameine begge dei to tinga, er KrF nøgd, legg ho til.
Etter stor motstand varsla helseminister Bent Høie (H) fredag at forslaget om å gi fastlegar høve til å reservere seg mot å vise til abort, ikkje blir gjennomført. Eit alternativt forslag er på trappene.
Etter kva NTB kjenner til, er det høgaktuelt å la kvinnene, ikkje fastlegane, signere sjølve tilvisinga. Sjølv om kvinna i praksis gjer tilvisinga, blir legekonsultasjonen gjennomført for å konstatere svangerskapet, oppklare helsemessige forhold, informere kvinna om rettar og svare på spørsmål.
KrF ville fredag ikkje offisielt stadfeste at dette kan bli ei løysing på striden mellom partiet og regjeringa. Heller ikkje Høie ville seie noko om korleis eit nytt forslag vil sjå ut.
Liv og død
Det er svært viktig for KrF å halde på prinsippet om at legar ikkje skal måtte handle i strid med samvitet sitt i spørsmål som gjeld liv og død. Kjelder sentralt i KrF viser også til samarbeidsavtalen mellom KrF og regjeringa på dette punktet. Prinsippet gjeld nemleg også andre spørsmål enn abort, blant anna aktiv dødshjelp.
Generalsekretær Magnar Kleiven i Norges Kristelige Legeforening var svært nøgd med utviklinga fredag.
– Det dreier seg om abortspørsmål i denne omgang, men når ein no nedfeller eit prinsipp om at legar skal ha samvitsfridom i spørsmål om liv og død, er det ein full siger for samvitsfridomen til legar, seier han.
– Vi ønskjer oss ein meir prinsipiell debatt som også handler om samvitsfridom knytt til alle spørsmål om liv og død, som innsetjing av koparspiral, destruksjon av overtalige egg ved kunstig befruktning og eutanasi, seier Kleiven.
LES OGSÅ: Ungdommen snudde politikarane
Avventande
Både Høgre og samarbeidspartiet KrF varslar at haldninga til Den norske legeforening veg spesielt tungt i denne saka. Men president i foreininga Hege Gjessing ville fredag ikkje kommentere det nye forslaget som vart skissert.
– Vi er veldig fornøgde med at Høie signaliserer at han ønskjer å finne ei løysing som varetek både kvinnene og samvitspørsmålet, seier ho.
Også Foreningen for reservasjonsrett for helsepersonell er avventande i responsen.
– Vi må avvente kva som ligg i avtalen før eg kan uttale meg nærmare, men eg registrerte at Høie var tydeleg på at samvitet til legane også skal varetakast, seier fastlege Eilif Haaland til NTB.
LES OGSÅ:Indre uro
Møtt med jubel
Blant opposisjonspartia på Stortinget vart Høies førebelse avblåsing av reservasjonsretten møtt med jubel.
Men Aps helsepolitisk talsmann Torgeir Micaelsen åtvarar regjeringa mot å ta snarvegar med å presse gjennom eit nytt forslag.
– Det må sendast ut på ny høyring slik at dei same som har uttalt seg i denne runden også får høve til ytre si meining om det nye forslaget, seier han.
SV-leiar Audun Lysbakken er spent på kva Høie no kjem med.
– Det kan ikkje vere ei løysing som svekkjer rettane til abortsøkjande kvinner. Det er berre full retrett av reservasjonsmoglegheita som er godt nok, strekar han under. (©NPK)