Ungdommen snudde politikarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter ein lang og heftig debatt vedtok kommunestyret på Stord torsdag kveld å seia nei til å innføra reservasjonsrett for fastlegar.

Dei vedtok samstundes at det er statens sitt ansvar å ta stilling til omstridde spørsmålet. Ungdomsrådet, ved Arja Myhre og Anna Sofie Ekeland Valvatne, har i forkant av debatten engasjert seg sterkt.

Treng ikkje hindre
Dei overleverte og 781 underskrifter mot at fastlegar skal kunne reservera seg mot å tilvisa til abort. Då saka var oppe i kommunestyret torsdag kveld, gjekk begge dei to tiandeklassingane på talarstolen.

– Ei ung jente som har hamna i ein vanskeleg situasjon, og som er redd og usikker, treng ikkje å møta fleire hindre. Eg vil ikkje representera ein kommune som krenkjer både kvinner og menneske sine rettar, sa Myhre frå talarstolen.

LES OGSÅ:Ho tok abort som 17-åring

Anna Sofie Ekeland Valvatne sa at mange ungdommar har teke kontakt med dei, og lurt på kva i alle dagarpolitikarane i komité for rehabilitering, helse og omsorg hadde tenkt på, då eit fleirtal røysta for eit forslag om å gje legar reservasjonsrett.

– Mange ungdommar er sinte over forslaget, sa Ekeland Valvatne.

Antikken

Jakob Bjelland (Sp) var med dei politikarane som var på talarstolen og sa at han hadde vore klar i si sak før møtet.

– Eg var eigentleg innstilt på å røysta for, men ein skal lytta til det møtet seier til ein. Og i denne saka har eg mellom anna høyrt på ungdommen, sa Bjelland.

Også Fredrik Litleskare (D) var klar i sitt standpunkt for reservasjonsrett, før han kom inn på møtet.

 – I denne saka er det og rettane til kvinna me må diskutera. Og eg har snudd og vil røysta mot å gje reservasjonsrett, sa Litleskare.

LES OGSÅ:Fitjar sender saka til staten

Det var representantane frå Kristeleg Folkeparti som var dei sterkaste forkjemparane for å gje reservasjonsrett. Representanten Leif-Steinar Alfsvåg (KrF) sa frå talarstolen at dette dreidde seg om ei demokratisk arv, som gjekk heilt tilbake til antikken.

 – Ei av dei viktigaste dygdene i antikken er moralsk integritet og handlar om at den enkelte skal få leva i tråd med si moralske overtyding. Vårt samfunn tapar noko me startar å sleppa taket i dette, sa Alfsvåg.

Han la til saka ikkje dreidde seg om at ein skulle krenkja noko, og at han hadde stor tru på legestanden og deira respekt for pasientane.

Fleire var møtt opp for å følgja debatten i kommunestyret. Frå venstre. Arja Myhre, Andrea Hammer Aadland, Victoria Laukhamar og Anna Sofie Ekeland Valvatne. FOTO: PER EGIL LARSEN

Pest og plage

Etter at kommunestyret var over, var begge representantane frå ungdomsrådet, Myhre og Ekeland Valvatne, særs nøgd med resultatet.

– Me er veldig nøgde, spesielt sidan me klarte å snu fleire parti. Men og parti som ikkje er einige med oss, har komme bort og sagt at me hadde gode innlegg, seier Ekeland Valvatne.

No lovar dei å møta opp og bruka taleretten sin i kommunestyret framover.

 – Me skal verta ei pest og ei plaga framover, fleipar Myhre.

LES HEILE SAKA I SUNNHORDLAND!

Faktaboks

Reservasjonsretten

• Abortlova frå 1975, som gjev alle kvinner rett til sjølvvalt abort, gjev også helsepersonell rett til å reservera seg mot å utføra sjølve inngrepet.
• I februar 2012 sende Helse- og omsorgsdepartementet ut ei presisering om at dette ikkje gjeld tilvising til abort, men berre sjølve inngrepet. Bakgrunnen var, ifølgje dåverande minister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap), at departementet hadde fått tilbakemeldingar frå kvinner som var blitt avvist av fastlegen sin ved spørsmål om abort.
• I forhandlingane etter valet i fjor haust skreiv KrF, Frp og Høgre under på ein avtale om at det skal «gis reservasjonsmuligheter for fastleger etter dialog med Den norske legeforening». Dette punktet er også følgt opp i Sundvollen-erklæringa til Solberg-regjeringa.
• Helse- og omsorgsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om å formalisera reservasjonsretten for fastlegar. Blant kriteria som ligg til grunn i høyringsnotatet er at den enkelte kommune skal stå fritt til å nekta fastlegar å reservera seg.
• Torsdag kveld gav kommunestyret i Stord kommune sin uttale til høyringa. Då saka blei handsama i komite for rehabilitering, helse og omsorg var fleirtalet positive til regjeringa sitt forslag.