Er det rett å lage stereotypiar av folk, som ikkje ein gong er sanne, berre for å få folk til å gje meir pengane i bistand?

Alvilde Johre Eidhammer, Stv. katedralskole
Alvilde Johre Eidhammer, Stv. katedralskole

I Noreg, og mange andre vestlege land med god økonomi og høg levestandard, har kvar einskild lenge vorte oppmoda til å gje pengebeløp til ulike organisasjonar, slik at dette vidare kan brukast til bistand i u-land. Det å gje stønad til dei som treng det, vil eg seie er viktig dersom mottakaren òg ønskjer det og ikkje klarer å kome seg ut av vanskane på andre måtar på eiga hand. Oppmodingane har ofte vore reklamar på fjernsyn eller liknande, med film eller bilete av uthungra, afrikanske born med store bydande auge.

Desse annonsene viser seg diverre å vere eit gale bilete av Afrika, og videoane lagar stereotypiar av afrikanarane som lutfattige og heilt hjelpelause folk. I ein artikkel på framtida.no, ”Naudhjelp til Noreg vekkjer oppsikt”, fortel Erik Schreiner Evans, leiar i Studentenes og Akademikerenes Internasjonale Hjelpefond (SAIH), at afrikanarane er leie av å verte stereotypisert. Med dette forstår eg at inntrykka me har fått ikkje berre er gale, men òg får folk til å føle seg krenka. Vil det då seie at det er riktig å lage stereotypiar av folk, som ikkje ein gong er sanne, berre for å få folk til å gje meir pengane i bistand?

I tillegg til at stereotypane er feil, meiner Erik at folk kan få det for seg at naudhjelpa ikkje fungerer, når organisasjonane held fram med å be om meir bistand med dei same type reklamane, òg etter at dei har samla inn for naudhjelpa.

Men kva skal ein då gjere når ein ikkje skal gje bistand og stønad, men det framleis er folk i Afrika som ikkje har det heilt optimalt? Ifølgje ein annan artikkel på framtida.no, ”-Treng lån, ikkje bistand”, ønskjer nokre afrikanske kvinner heller å låne pengar, òg kalla mikrofinans. Årsaka for at ein håpar dette vil fungere, er fordi det vil motivere kvinnene til å arbeide fordi dei må betale tilbake, og fordi ein har sett det har fungert i Uganda.

Men vil dette vere det beste? Ser ein tilbake på historia i nærare fortid, har veldig mange afrikanske land hatt høg gjeld fordi dei ikkje klarte seg sjølve, og difor har dei måtte lånt pengar. Mange av desse gjeldene har vorte sletta, slik at landa har fått blanke ark og kan starte på ny utan å måtte betale tilbake ei skyhøg gjeld som dei ikkje maktar å betale tilbake likevel. Men vil det gå bra i dag? Framleis kjem det meste av afrikanske land sine økonomiske inntektskjelder frå primærnæringa, og då spesielt landbruk. Naturressursane frå jordbruk har i ei kapitalistisk verd veldig ustabile prisar, og i vår verd er prisane svært låge.

Det førre avsnittet kan sjåast på som ein stereotypi av Afrika, som om Afrika er ”dei kan me ikkje stole på. Dei klarer seg ikkje sjølv, og ikkje kan dei betale tilbake gjelda si heller”, basert på fordommar og fortid.

Og ut i frå dette vil eg seie at ein bør støtte mikrofinans, og legge bistand på hylla, i lag med fordommar og fortid. Ein bør gje afrikanske land og menneske nye moglegheiter med upløgde jorder så dei afrikanske folka kan ploge dei sjølv og tene eigne pengar.

Ein bør berre kome med naudhjelpspengar når det er akutt naud, og ikkje heile tida, slik at ein til slutt kan hjelpe seg sjølv; hjelp til sjølvhjelp (Jens Stoltenberg).

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE