– Treng lån, ikkje bistand

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk trur alle er fattige og spør om ting som gjekk føre seg for 30 år sidan, seier journalist og bloggar Rosebell Kagumire (30) frå Uganda.  

LES OGSÅ: Framleis éin prosent i bistand

Pris for ugandisk film
Kagumire er utdanna journalist og har arbeidd frilans i ulike organisasjonar etter at ho tok sin mastergrad i media, fred og konfliktstudiar. Ho har no sin base i hovudstaden Kampala.

I år fekk ho plass på World Economic Forum si liste over dei 200 mest lovande unge leiartalenta i Afrika.

Framtida traff Kagumire då ho vitja Noreg denne månaden. Ho var invitert til SAIH (Studentene og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond) si utdeling av den første Rusty og Golden Radiator-prisen. Den rustne prisen går til ein innsamlingsvideo som byggjer opp om stereotypiar, medan den gylne prisen går til ein organisasjon som formidla ein positiv bodskap.

Det gode dømet var ein film av Microbanker frå Uganda om mikrofinansiering. Kagumire meiner filmen hadde ein god bodskap. Ho fortel at mikrolån har vorte vanleg i landet, og at det hjelper folk både med karriere og utdanning.

LES OGSÅ: Her er årets mest skadelege innsamlingsvideo

Idi Amin og Kony2012
Ho meiner folk får lite av historiene om ugandarar som lever vanleg og er lukkelege. Ho kan sjølvsagt ikkje snakke for heile Afrika. Ho er frå Uganda. Aust-Afrika skil seg frå Vest-Afrika. Og kvart land har sitt særpreg.

Ein vanleg referanse til Uganda er for mange Idi Amin, ein diktator som regjerte for over 30 år sidan, før Kagumire vart fødd. Yngre folk har gjerne sett han i The last King of Scotland.

Eller dei har fått med seg Kony2012-kampanjen. Ein kampanje som først fekk massiv mediemerksemd, men seinare vart kritisert for ei svært forenkla og misvisande framstilling.

LES OGSÅ: Stor konflikt, liten film

Små lån, stor effekt
Ifølgje Foundation for Sustainable Development er Uganda eit godt døme på at mikrofinans verkar.

Tanken bak mikrofinans eller mikrolån er at private kan gje små lån til folk i utviklingsland. Ofte stiller ei lita gruppe folk som tryggleik for kvarandre. Det er hjelp, med plikt til å betale attende. Slik vert ikkje folk passive mottakarar, men må skape noko med pengane dei får.

Dei små låna har vorte stadig meir utbreidd. Større aktørar har slengt seg på, og nokre profesjonelle har fått kritikk for å tene pengar på slike lån. Mange ulike aktørar gjer det vanskeleg å få ei fullstendig oversikt over mikrolån i landet.

Oljeeventyr
Uganda er eit land med mykje naturressursar, men lite pengar. Kagumire kallar det matkorga til sine naboland. Landbruk er den viktigaste inntektskjelda for folk flest.

Men landet har oljeressursar, som dei enda ikkje har vunne ut. Sidan 2006 har Noreg støtta Uganda med råd og rettleiing i planlegginga, gjennom programmet Olje for utvikling (Ofu). Myndigheitene i landet har varsla utbetring av infrastrukturen i landet, noko folk gler seg over. Kagumire trur olja vil forme økonomien og politikken i landet etter kvart.

Men det er skår i gleda. I 2012 stoppa Noreg all bistand til Uganda, grunna korrupsjon. Tidlegare i år vart det kjent at Uganda skal betale tilbake fleire titalls millionar kroner til Noreg.

Utdanningsutfordring
Uganda har òg andre utfordringar. Landet har verdas yngste befolkning. Halvparten av alle ugandarar er under 15 år. Heile 78 prosent er under 30 år, ifølgje Uganda National Bureau of Statistics Demographic Report. Ungdomsarbeidsløyse er eit stort problem.

Problemet i Uganda er at folk utan arbeid manglar kapital til å starte eigne verksemder, forklarar Kagumire.

– Det finst mange flinke unge folk med teknologisk kompetanse, som mellom anna utviklar appar. Men dei treng kapital for å starte noko, fortel Kagumire.

Ho har mellom anna arbeidd med kvinner i tidlegare krigsområde som Sør-Sudan, gjennom organisasjonen Isis Uganda. Kagumire fortel at i mange krigsherja land som har er særskilte kvinnebehov – som voldtektsmottak og barselsavdelingar – dei siste som vert ivaretekne.

– Trur målet heilagar middelet
I Uganda vert dette synleg mellom anna gjennom skulegong. Landet har sidan 1997 hatt sjuårig grunnskule for alle. Den er no gratis, men Kagumire fortel at når foreldre ikkje har råd til å betale for vidare utdanning til alle borna,vert gutane prioritert.

– Ein må låne pengar til foreldre så dei kan finansiere skulegong for borna sine. Det er deira plikt, som det er viktig å ikkje ta frå dei, seier Kagumire.

Sjølv var ho aldri redd for at hennar eiga utdanning skulle bli nedprioritert til fordel for brørne. Mor hennar er veterinær, trass i at høgare utdanning for kvinner ikkje er vanleg i hennar generasjon. Bestefaren var lærar, så familien ser verdien i utdanning.

Nyleg fekk Uganda 100 millionar dollar til utdanning av Global Partnership for Education (GPE) for å nå tusenårsmåla for utdanning. Det kjem godt med.

Kagumire ser at bistandsorganisasjonar som samlar inn pengar vil hjelpe, men det er inga unnskyldning for å vidarebringe stereotypiar, der passive born vert framstilt som hjelpelause utan eige potensiale.

– Nokre trur at målet heilagar middelet, seier Kagumire, og legg til:

– At ein er i nød betyr ikkje at ein ikkje har potensiale.