– Vanskeleg å velja utdanning

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile 1351 ulike studier på 43 statlege høgskular og universitet finnast i Noreg. I tillegg kjem ei rekke private høgskular, som har eigne inntak og fristar.

Fristen for å søkje offentleg utdanning gjennom Samordna opptak går ut 15. april, men for å rekkje over same dato i alle tidssonar i verda, går det faktisk an å søkje heilt fram til 16. april klokka 14.00 norsk tid.

LES OGSÅ: Her er det best å studere

Trygg jobb
Rebekka Støle Mjønes og Dana Zidia går begge VG3 studiespesialisering på Stord vidaregåande skule og har ikkje planar om å ta seg eit friår før studiane. Rebekka har allereie nytta eitt ekstra vidaregåande-år på utveksling til Australia og kjenner difor at ho har teke sitt ”friår”.

19-åringane har peila seg inn på kva dei skal studere, men er glade for at dei kan omprioritere vala fram til 1. juli.

– Eg er ikkje heilt sikker enno, men eg veit eg vil på NTNU og studere til å verte sivilingeniør, fortel Rebekka, som mellom anna har søkt på petroleumsfag, kybernetikk, nanoteknologi, kjemi og bioteknologi.

For den komande studenten har jobbmoglegheiter vore ein viktig faktor i val av studiar.

Etter å ha vore på Teknologicamp for jenter i Trondheim vart ho overtydd om at trønderhovudstaden var plassen å studere.

 – Sidan det er så mange studiar betyr det at det er noko for alle, peikar Rebekka på, som framleis har mange val sjølv om ho har snevra inn søket.

LES OGSÅ: Leitar etter ingeniørar over heile Europa

Mange vegar inn
Jentene fortel at mange frå deira kull er skuleleie og difor vel å ta eit pauseår på folkehøgskule.

– Eg er litt lei, men vil byrja rett på studiar fordi eg er redd for å missa motivasjonen, fortel Dana, som har peila seg inn på journalistikkfaget fordi ho likar å skriva.

Ho har vorte åtvara mot ein trong jobbmarknad i Noreg, men med arabiskkunnskapar har ho eitt ess i ermet.

– Journalistikk er veldig vanskeleg å kome inn på, men det er mange måtar å verte journalist på, fortel Dana, som har sett opp medier og kommunikasjon, samfunnsøkonomi og miljø og ressursbruk mellom sine val.

Trass i at dei går i ulike retningar når det kjem til karriereval, er det ein ting jentene er einige om:

 – Det er vanskeleg å velje.

LES OGSÅ: Høgare utdanning gir dårlegare betalt i Noreg 

Ventar ny rekord
I fjor var det rekordhøg søking til høgare utdanning gjennom Samordna opptak med 117.159 søknadar.

– Me reknar med at denne trenda fortset i år òg, sa Bente Ringlund Bunæs, leiar for Samordna opptak til NRK førre veke.

Sjølv om det er mange nye studietilbod i år, vert det truleg rift om dei mest populære plassane. Ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) var det i fjor heile 383 søkjarar som kjempa om 20 studieplassar på årsstudiet i økonomi og leiing, ifølgje Studenttorget.

Andre studiar som er attraktive og vanskelege å kome inn på er medisin, siviløkonomi, odontologi og sivilingeniørstudiar. Her må ein vanlegvis ha berre femmarar og seksarar på vitnemålet for å kome inn.

LES OGSÅ: Faga ingen vil studere 

Førsterett
Ein anna grunn til at Dana ikkje vil stoppa opp no, er at dei med førstegongsvitnemål og som er under 21 år er sikra halvparten av studieplassane. Med førstegongsvitnemålet er snittet lågare for å kome inn, enn med eit forbetra vitnemål.

– Dette skuldast ein uttalt ambisjon om å få flest mogleg unge raskast mogleg i gang med studiane og dermed fortast mogleg ut i jobb slik at dei kan gjere samfunnsnytte for seg, seier Bunæs til NRK.

Men om du ikkje rekk fristen 15. april er det ingen grunn til å fortvila. Det dukkar alltids opp nokre ledige plassar på Restetorget etter 20. juli, men det er ikkje sikkert det er draumestudiet ditt.

Les meir om yrkesval her!