Høgskulelektor Eli Bjørhusdal meiner me er nøydde til å tenkja språksikring for å gi nynorsken ein sjanse.

mm

– Nøytraliteten duger ikkje når nynorskelevane møter det store bokmålet. Dei er for utsette, seier Eli Bjørhusdal til Framtida.no. Ho er høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og arbeider med ein doktorgrad om norsk språkpolitikk. Ho var i helga invitert til landsmøtet til Noregs Mållag for å innleia om norsk språkpolitikk.

– Lik tevling held ikkje, då er ein dømd til å sjå det store språkskiftet som ein ser i dag framover. Minoritetsspråket taper om det ikkje får spesiell hjelp, held ho fram.

Ho understrekar at jamstelling må liggja i botnen, men at ein må tenkja språksikring nynorskområda.

– Dei sentrale språkreguleringane for skulen blei etablerte i ein heilt annan historisk samanheng, med heilt andre makttilhøve mellom nynorsk og bokmål enn i dag, sa Bjørhusdal i innlegget sitt.

Tida frå 1892 og fram til andre verdskrigen var ei kraftig oppgangstid for nynorsk bruksspråk. Nynorsk var sjølvsagt eit mindretalsspråk òg på denne tida, men det var eit mindretalsspråk som dei aller fleste trudde skulle bli eit stort, landsens språk. Nynorsk fossa fram. Då var det å ta bort formelle nynorskhindringar på den språklege marknaden, og å leggja til rette for like språklege vilkår, lik tevling og formell jamstilling, det same som å leggja til rette for meir nynorsk.

No er situasjonen ein annan.

Fleire verkemiddel
Eli Bjørhusdal kom med denne oppmodinga til landsmøtet:

Det prinsipielle spørsmålet som er verdt å drøfta, er om målrørsla bør halda fast ved ein statleg språkpolitikk for heile Noreg som inneber ei symmetrisk jamstelling mellom nynorsk og bokmål, berre gjennomført med meir kraft og konsekvens. Eit alternativ kan vera at jamstillings- eller nøytralitetsprinsippet på nasjonalt plan og i bokmålsområda blir supplert med eit klart språksikringsprinsipp, eit prinsipp som gjev tilgang til fleire verkemiddel, også reguleringar, for å oppretthalda nynorsken som førstespråk der han er det.

LES OGSÅ: Ny forsking på språkskifte

Andre vegar til målet
Bjørhusdal viser til at språkskifte og situasjonen til minoritetsspråk er eit stort forskingsfelt i Canada og USA.

– Forsking og erfaringar derifrå viser at det finst andre vegar, poengterer ho.

– Kva tiltak meiner du kan vera med på å sikra språket?

– Det er ein mange tiår gamal tradisjon i Noreg med offentlege tiltak og kampanjar for sikra norsk versus engelsk. Eg tenkjer at ein kan gjera det same for nynorsken i nynorske område.

Bjørhusdal meiner opplæringsstyresmaktene har mykje å henta frå korleis ein behandlar samisk. Samiske elevar har rett på samisk undervising gjennom heile grunnskulen, medan elevar som norsk som hovudmål har berre rett til dette gjennom barneskulen.

– Nynorske ungdomsskuleelevar må kunne forventa at nynorsk er undervisningsspråk. Jamvel i min sognakommune, med i praksis 100 prosent nynorsk i grunnskulen, skriv fleire av ungdomsskulelærarane berre bokmål på tavla. Ut frå ein språksikringsargumentasjon kan ein tenkja seg reguleringar som inneber at nynorskelevar på ungdomssteget alltid har rett til opplæring i og undervisning på nynorsk som fyrstespråk, medan bokmålselevar ikkje har same retten.

I dag er det òg fritt fram for elevane å velja målform sjølv.

– Utifrå tanken om at nynorsk er ein kollektiv verdi det er viktig å ta vare på, er det lurt at ein 14-åringen sjølv får bestemma målforma si? spør Eli Bjørhusdal.

LES OGSÅ: Mållaget krev nynorskomsyn

Fransk språksikring
Høgskulelektoren viser til Québec, den kanadiske delstaten som i realiteten har fått svært vide rammer av kanadiske styresmakter for å ta vare på den franske språkminoriteten. I Québec finst fransk og engelsk side om side, også i skuleverket, men ein elev kan ikkje velja fritt om han vil ha fransk eller engelsk som førstespråk i skulen.

For å få lov til å velja engelsk, må eleven ha foreldre med ein viss engelskspråkleg bakgrunn. Dette blei innført rundt 1980 som ein reaksjon på at fleire og fleire franskspråklege familiar tiåra før valde engelsk i staden for fransk for ungane sine – fordi dei tykte engelsk var meir nyttig for ungane.

– Québec har prøvd å møta språkskiftet frå fransk til engelsk med ein type offentlege reguleringar me ikkje kjenner frå Noreg, seier Eli Bjørhusdal.

LES OGSÅ: Klikk deg til meir nynorsk på nett

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

Kommentarar

ANNONSE