Skal laga nynorsk quiz-app

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det skal bli ei artig jobb. Eg vil lage ein quiz som tek for seg alle mogleg spørsmål om kuriosa, underhaldning, og nyvinningar, og med bilete, videoar og lyd, seier May Grethe Lerum i ei pressemelding frå Noregs Mållag. Ho fortel at ho og Allkunne allereie har fått til eit samarbeid.

Noregs Mållag deler kvart år ut to stipend på 50 000 kroner kvar, etter ei pengegåve frå Kulturdepartementet til 100-årsjubileet vårt. Det er ingen føringar for kva slags prosjekt stipenda skal gå til, bortsett frå at mottakarane skal vera ein mann og ei kvinne.

– Ambisjonsnivået er høgt. Ho satsar på at innhaldet blir både solid, genuint, lærerikt og underhaldande – og dessutan kan få pedagogisk nytteverdi i sidemålsundervisninga og anna nynorskundervisning, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Ho greier å kombinera nynorsk både med populært tidsfordriv og populære plattformer, er det opna for suksess.

May Grethe Lerum, fødd i Sogn, no busett på Austlandet. Ho har gjeve ut ei rekkje bøker og skrive for fleire aviser, mellom anna VG og Hallingdølen. No satsar ho på å treffa oss der mange av oss er å finna reint for ofte: med nasa ned i ein skjerm.

Vinnarprosjektet heiter Kvizzleik og er eit spørjespel du kan lasta ned til telefon eller nettbrett. Blir produktet populært nok, kan det også dukka opp som bok og brettspel.

– Vi gratulerer med stipendet og lovar at etter spelet er ferdig, blir dette pauseunderhaldninga på alle styremøte i alle mållag rundt i landet, smiler Marit Aakre Tennø.