Odda-modellen under press

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opplæringslova er klår. I paragraf 2-5 står det at "Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke." I praksis vil det seie at elevane får velje kva språk det er i lærebøkene og til eksamen. I språkdelte kommunar hamnar elevane stort sett i språkblanda klassar, der det ikkje er nokon automatikk i at det er ein samanheng mellom tavlespråket og det ein har valt som hovudmål. Elevane kan velje hovudmål. Lærarane kan velje tavlespråk. Og for mange vel vekk nynorsken.  

Slik er det ikkje i Odda. Elevane har framleis rett til å velje språk, men valet får konsekvensar. Ungdomsskulen plasserer elevane i reine nynorsk- og bokmålsklassar. Resultatet er at få elevar byter hovudmål undervegs i skuleåra. Dei held på målet sitt frå barneskule til ungdomsskule, og frå ungdomsskule til vidaregåande skule.

Denne språkdelinga går heilt attande til den tida då Odda vaks fram som industrisamfunn og innflyttinga var stor, og ordninga hadde hundreårsjubileum i fjor. Men no er ordninga under press. Kommunen ynskjer å spare pengar, og rådmannen gjorde difor framlegg om å slutte med denne ordninga frå skuleåret 2014/2015.

Kommunestyret sa derimot nei. Eit knapt fleirtal av representantane frå Raudt, Arbeidarpartiet og Demokratane sikra med éi røyst overvekt språkdelinga på eit budsjettmøte før jol. Det var same resultatet som då eit tilsvarande framlegg var opp i 2012. Mindretalet representerte Høgre, Venstre, Senterpartiet og bygdelista Nye Odda. For å hindre at denne saka skulle ta opp like mykje plass i framtidige budsjettdebattar, gjorde Terje Kollbotn eit framlegg om å lage ei skikkeleg utgreiing som skulle sjå på alle sidene ved ordninga i 2014. Dette framlegget vart samrøystes vedteke, og kommuneadministrasjonen skal leggje fram ei brei evaluering som skal ut på høyring før det blir eiga politisk sak før budsjettprosessen startar hausten 2014.

Historielaust
– Det er oppsiktsvekkjande at dette kjem opp akkurat no, seier Terje Kollbotn.

– Det same året som ordninga feira hundreårsjubileum, ville altså mindretalet fjerne den.  Og det med økonomiske argument. Det er historielaust. I 1913 var det eit folkemøte som enda med eit fleirtal om å gjere Odda til ein bokmålskommune. Industrialisering gjorde at det gamle Odda og nynorsken kom i mindretal. Då dei likevel landa på å språkdele skulen, var det av respekt for dei to kulturane og språka. Denne respekten heldt seg gjennom krisene på 20- og 30-talet. På eit tidspunkt var det mellom 1000 og 1500 arbeidsledige industriarbeidarar i Odda, men dei rørte ikkje språkdelinga. Då blir det rart om ho no skal ryke av di kommunen skal spare 1,3 millionar kroner. Og det er rart at Venstre, partiet som var med på å drive dette fram for hundre år sidan, er mellom dei partia som vil kutte ut ordninga.  

– Så ein skal halde på ordninga av historiske grunnar?

– Sjølvsagt ikkje, men det er viktig å ha det med seg. For dette er ein kulturkamp, målkamp og ein skulekamp. Nynorsken er under press mange stader, det er han ikkje i Odda. Det er eit teikn at både lærarane og elevrådet ved ungdomsskulen forsvarar språkdelinga. Dei ser at ho fungerer. Elevane blir ikkje språkforvirra og blir trygge språkbrukarar i alle fag. Sidemålundervisninga blir også god. Ungdomsskulen hevdar seg godt samanlikna med resten av landet, og eg er sikker på at dette heng saman med undervisningsopplegget ved skulen. 

– Men sidan nynorskelevane no er i fleirtal og har vore det i mange år, burde ikkje Odda bli ein rein nynorskkommune?

– Nei, det nyttar jo ikkje. I dei periodane det har vore eit fleirtal av bokmålselevar, så har nynorskklassane fått halde fram. Då kan ikkje me nytte dette høvet til å truge bokmålet. Det ville ha vore både respektlaust og uklokt.  

Kollbotn peikar også på at Odda er ein kommune som ynskjer seg fleire innbyggjarar. Å kunne seie at alle vil få eit tilbod uansett kva språk dei bruker, meiner han er eit godt argument for å trekkje til seg tilflyttarar. Det gjeld også for flyktningane og asylsøkjarane som ideelt burde få opplæring i nynorsk, men får det på bokmål. Då er det likevel bra at dei kan sende ungane sine på skule der dei ikkje blir språkforvirra.

Bør vurderast som nasjonal ordning
– Målbytet er katastrofalt i mange område, seier Knut O. Dale, leiar i Odda Mållag.

– No let ein 12-13-åringar velje mellom nynorsk og bokmål, eit val som fylgjer dei ut livet. Elevane i Odda må ikkje gjere dette valet. Det er lett for dei å halde fram med nynorsk. Det gjer dei til trygge nynorskbrukarar. For tjue år sidan var elevane delt i to. No er det 67 prosent av elevane som har nynorsk som hovudmål. Det kan vere mange grunnar til det, men det er i alle fall enkelt å vere nynorskelev i Odda. Difor meiner eg at denne ordninga burde gjerast allmenn, det burde vere slik overalt. Staten må finne midlar som kan gjere det råd å gjere dette på alle ungdomsskular. Dette må vere eit av dei beste mottiltaka mot målbyte, seier Dale. 

Det er Kollbotn samd i.

– Motstandarane seier dette er noko rare greier som me putlar på med i Odda, og at det no er på tide å gjere som alle dei andre. Men kvifor fjerne ei ordning som har verka positivt i Odda i hundre år? Odda har vore unik før, og har vore ein føregangskommune på mange område. Eg trur og meiner at me kan vere ein føregangskommune her òg. Mi og partiet Raudt si meining er at det ville ha vore ein styrke om ordninga og ordskiftet vart løfta opp på eit nasjonalt nivå. Det gjeld denne saka nett no i Odda, men også som ei mogleg løysing for andre språkdelte kommunar, seier Kollbotn.

Faktaboks

Odda-modellen

• Språkdelte klassar i ungdomsskulen
• På budsjettmøte i Odda Kommunestyre 18.12.2013 vart det vedteke at ordninga skal halde fram i skuleåret 2014/2015. Partia Raudt, Arbeiderpartiet og Demokratene i Norge røysta for. Partia Høgre, Venstre, Senterpartiet og Nye Odda røysta imot.
• Det var samstundes gjort fylgjande samrøystes vedtak: "Odda kommunestyre vil ta initiativ til ei brei evaluering av ordninga i 2014. På grunnlag av faglege og pedagogiske vurderingar, vil saka bli sendt ut på høyring og eiga sak i kommunestyret i god tid før budsjettprosessen startar hausten 2014." Forslaget vart reist av partia Raudt, Arbeiderpartiet og Demokratene i Norge.