Vil ha gratis spiral til alle under 25

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Tromsø og Hamar har ein hatt eit forsøk med gratis prevensjon til kvinner i alderen 20 til 24 år. Innføringa av gratis prevensjon resulterte i markant nedgang i abortraten i denne gruppa.

– Kvinner i aldersgruppa 20 til 24 år har høgast aborthyppigheit, men blir ikkje inkludert i ordninga med gratis prevensjon. Me foreslår å utvida grensa for gratis prevensjon, som i dag er på 19 år, til å gjelda alle under 25, seier stortingsrepresentant Olaug Vervik Bollestad (KrF).

– Abortrata blei halvert i forsøkskommunane. Me har ikkje råd til å la vera å prioritera eit så viktig tiltak som gratis prevensjon, konstaterer Bollestad.

Sikrare
Tala viste auka bruk av hormonell prevensjon og størst var auken i bruk av langtidsverkande prevensjonsmiddel som p-stav, hormonspiral og kopparspiral. Dette er prevensjon som verker kontinuerleg i tre til fem år og har det beste vernet mot uønskt graviditet

Bollestad understrekar at det er viktig å kunne tilby dei sikraste prevensjonsmiddela.

– Ein P-stav set ein under huda i overarmen og verker kontinuerleg i tre til fem år, mens ei p-pille må takast kvar dag, noko mange gløymer, påpeikar Bollestad.

LES OGSÅ: – Jobben er litt småklein

Følgjer etter AUF
Onsdag fremja Kristeleg Folkeparti eit forslag om gratis prevensjon til alle under 25, eit forslag som også inkluderer tiltak som auka eingongsstønad og vegleiingstilbod.

– Kvar femte graviditet endar i abort i Noreg. KrF vil redusera talet på abortar med ein tredel i løpet av ti år. Me ønskjer å legga til rette slik at fleire ser det som muleg å halda på barnet dei ber, seier Bollestad.

AUF har lenge gått inn for gratis prevensjon til unge under 25 år, og Arbeidarpartiet har programfesta at forsøket med gratis prevensjon skal bli utvida. Men då Jonas Gahr Støre var helseminister ville han ikkje la alle under 25 år få gratis prevensjon.

LES SAKA: Vil ikkje gi unge kvinner gratis prevensjon