Kvinner får 40.000 mindre
Kvinnelege siviløkonomar startar med lågare løn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei kvinnelege siviløkonomane får over 40.000 kroner mindre i lønn enn dei mannlege kollegaene sine når dei startar karrieren etter studia, viser ei undersøking som Norges Handelshøyskole (NHH) har gjort.
Høgskulen gjorde denne arbeidsmarknadsundersøkinga i januar, og 278 studentar som avslutta siviløkonomstudiet og Master of science-studiet, våren 2013, deltok.
Undersøkinga viser at dei mannlege studentane i snitt tener 33.000 kroner meir enn kvinnene i den aller første jobben, ifølgje Aftenposten. I tillegg kjem bonusar, tillegg og frynsegode. Mennene får rundt 10.000 kroner meir i slike ekstragode enn kvinnene. Kvinnene startar dermed karrieren med ei lønn som ligg 6 prosent under den mennene får, og med 14 prosent mindre i ekstragode.
LES OGSÅ: – BI best i Noreg
Skilnaden er aller størst i finansierings- og forsikringsbransjen. Her har kvinnene 29 prosent lågare lønn enn mennene. I fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting er skilnaden 22 prosent.
Etter at kvinnene gjennom fleire år har nærma seg mennene, auka mennene i fjor forspranget til kvinnene med 6.000 kroner, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Kvinner ligg no 14 prosent bak menn i lønn, hovudsakleg fordi det er flest kvinner blant dei som arbeider i det offentlege og i yrke med lågare lønn.
Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera legg måndag fram den endelege rapporten over utviklinga i lønningar og inntekter, prisar og konkurranseevne i samband med lønnsoppgjera i 2014. (©NPK)