Ber Listhaug berga økoskulen
Miljøpartiet Dei Grøne meiner regjeringa må ta ansvar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er brei semje på Stortinget om å auka delen økologisk matproduksjon. Då er det heilt avgjerande at me har ein skule som faktisk tilbyr slik utdanning og kompetanse. Listehaug bør sørgja for at Sogn Jord- og Hagebruksskule blir berga, seier nasjonal talskvinne Hanna E. Marcussen i ei pressemelding.
I budsjettet
Fylkeskommunen, som er offisiell skuleeigar har sagt seg villig til å dekka 60 prosent av det kortsiktige investeringsbehovet på 43 millionar kroner, og ta eit finansielt delansvar for det langsiktige investeringsbehovet.
Miljøpartiet Dei Grøne har gjort framlegg om å setja av 20 millionar til å berga Sogn- Jord og Hagebruksskole frå nedlegging i sitt alternative statsbudsjett for 2014.
Levedyktig skule
– Skulen blir truga med nedlegging med jamne mellomrom. I staden burde Listehaug heller sikra ein levedyktig skule, slik at ein kan utvikla eit tilbod som faktisk svarar til den aukande etterspurnaden etter økologiske varer. Det ville vera et stort tilbakeslag for utviklinga på det økologiske området om Sogn Jord- og Hagebruksskole blir lagt ned, seier Marcussen i pressemeldinga.