"Stortinget ber regjeringen stoppe tildeling av nye blokker i den 23. konsesjonsrunden på norsk sokkel."

Slik låt det historiske forslaget Rasmus Hansson la  fram for Stortinget torsdag. Det er fyrste gong ein folkevald ber regjeringa om å stogge leitinga etter meir olje på norsk sokkel. 

Det kan verke radikalt, men dei leitekonsesjonane som vert gjeve i dag, gjeld for område som fyrst vil verte utvinna rundt 2030. Det er ikkje snakk om bråstopp på sokkelen, men ei planlagd og framtidsretta nedtrapping. 

Den nye regjeringa ser ut til å føre mykje den same linja som den forrige i klimasaka. Dei vil at Noreg skal vere med på å få på plass ein internasjonal klimaavtale og kjøpe opp kvoter i utlandet, heller enn å kutte heime. Det som er nytt og mest radikalt, er at det ser ut til at Noreg vil investere større delar av oljefondet i fornybar energi. Det er fint det, men vi må gjere noko her heime og. 

Å seie ja til forslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne er heilt naudsynt om Noreg faktisk skal vere med på å redde klimaet, og ikkje stå att med ei fot i oljesumpen eller, det som verre er, med begge føter godt planta i ei verd som er heilt ugjenkjenneleg.  

Det er for det fyrste naudsynt for oss økonomisk å våge å ta tak i oljeindustrien . Ei vidare storsatsning på olje og gass kan bli den største feilinvesteringa i Noregs historie. Berre i år skal det investerast over 200 milliarder kroner i ei næring som kan bli verdilaus med eit pennestrok, når verda får på plass ein tilstrekkeleg ambisiøs klimaavtale. Eg er redd generasjonen som sit med makta i dag, undergrev framtida til eigen generasjon ved å ikkje fri seg frå oljeavhengigheita. Vi treng desse investeringsmidlane for å leggje til rette for andre industrier og energikjelder, som og står seg i framtida. 

For det andre er det naudsynt nettopp med tanke på å få på plass ein internasjonal klimaavtale. Skal vi ha som mål å medverke til å redusere utslepp, og byggje tillit nok til å påverke utfallet av klimaforhandlingane, må vi kutte her heime. Det held ikkje berre å lene seg på internasjonale kvotesystem med uviss effekt. Samla sett er utslepp frå utvinning og eksport av norsk olje og gass 16 gongar større enn alle utslepp frå fastlandsNoreg  til saman. 

Men mest av alt handlar det om rettferd. Klimarettferd. Den siste rapporten frå IPCC vert ikkje lagt fram før torsdag, men det kjem stadig lekkasjer. Dei peikar nok ein gong på at klimaendringane får katastrofale følgjer for levekåra til folk, fe og natur. Det er ikkje vi her i nord som først og hardast kjem til å merke klimaendringane på kroppen, det er våre medmenneske i sør. 

Noreg har forvalta pengane dei har tent på utvinning av fossile naturressurser godt, gjort seg rike og står no i ein fantastisk posisjon til å faktisk GJERE NOKO. Eit naturleg fyrste steg er å slutte å leite etter meir av den ressursen som skapte klimaproblemet. Ein som vil fri seg frå alkoholisme gjer klokt i å ikkje gå på bar. I staden for å leite meir etter problemet, la oss bruke ressursane våre til å leite etter løysingar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

Kommentarar

ANNONSE