Vil ha fôr utan palmefeitt

Etter oppslag om at norske kyr vert fôra med den omstridde palmeoljen, krev både bøndene og samvirka fortgang i jobben med å gjere norsk landbruk palmefeittfritt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha mjølk fri for palmeolje

NRK fortalde måndag at norske mjølkekyr får tilsett den omstridde palmeoljen i kraftfôret utan at bønder eller forbrukarar er informerte.

Tine har derfor kalla inn norske fôrprodusentar til hastemøte for å få oversikt over bruken av palmeolje i kraftfôr og for å framskynde arbeidet med å finne alternativ, opplyser rådgjevingsdirektør for selskapet, Johnny Ødegård, til Stavanger Aftenblad.

Inga framtid i Noreg
Norsk Landbrukssamvirke, som representerer blant andre Tine, Felleskjøpet og Nortura, slår fast at palmeoljen ikkje har noko framtid i norsk landbruk.

– Utgangspunktet for norsk landbruk er dei fornybare naturressursane i vårt eige land. Kraftfôr er nødvendig for å lage nok mat til befolkninga, men effektiv produksjon kan aldri få prioritet føre berekraft, seier administrerande direktør Ola Hedstein i ei pressemelding frå interesseorganisasjonen.

Palmeolje er omstridt fordi regnskog blir hogd ned for å gi plass til palmeoljeplantasjar. Oljen er billig, men i tillegg til at produksjonen er svært miljøskadeleg, vert palmeolje sett på som lite helsegunstig fordi han inneheld mykje metta feitt.

QUIZ:Kva veit du om norsk landbruk?

Tre til fem år
For å møte den aukande etterspørselen etter smør, vedtok Tine å auke feittprosenten i mjølka. Løysinga blei kraftfôr med auka innhald av palmitinsyre, som er eit biprodukt av palmeolje, fortel NRK.

Hedstein opplyser at Felleskjøpet er i gang med å finne alternative feittkjelder i kraftfôr, og at selskapet innan tre til fem år vil slutte å bruke palmitinsyre i kraftfôrproduksjonen.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag er imot bruk av palmeolje og krev at all merking av dyrefôr må forbetrast. Småbrukarlagsleiar Merete Furuberg er blant dei som seier ho ikkje visste om praksisen.

– Eg trur svært mange ikkje var klar over at ein del kraftfôrblandingar inneheld palmeolje, seier Furuberg i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Forbrukarane nyttar ikkje makta si

Norske fôrråvarer
Småbrukarlaget meiner det er viktig å satse på forsking og utvikling av norske fôrråvarer.

– Det er bra for miljøet og viktig for legitimiteten til norsk matproduksjon at Felleskjøpet vil fase ut bruken av palmeolje i sine. Norsk mjølk skal produserast på gras, beite og norsk korn, utan innslag av palmeolje, seier Furuberg. (©NPK)

LES SISTE LANDBRUKSNYTT!