Det er typisk norsk å prate dialekt, skal vi tru dei som ser oss litt utanfrå.

Marianne Granheim Trøyflat
Marianne Granheim Trøyflat

– Har de vore ute i ruskevêret? Ruskevêr tyder dårleg vêr, seier universitetslektor Toril Kristin Sjo til dei internasjonale studentane som har samla seg i eit grupperom på Blindern. Ho underviser i emnet «dialektar, nynorsk og språkhistorie». Faget er rekna på internasjonale studentar som kan ein del norsk frå før, men som har fått det meste inn via bokmål.

På ein måte gammaldags
Dagens opplegg er todelt. Først skal studentane ta stilling til nokre påstandar om nynorsk, så er det grammatikk. Påstandane er henta frå boka til Kristin Fridtun, Nynorsk for dumskallar.

– «Ivar Aasen laga nynorsk for å plage folk».Fleip eller fakta? spør Sjo.

Til latterbrøl frå tilhøyrarane. ­

– Nynorsk var meint som eit pedagogisk og demokratisk språk, kjem det kjapt frå ein av studentane.

– Nynorsk har plaga meg, men eg trur ikkje det var det Aasen tenkte i utgangspunktet, vedgår ein annan student.

– Kanskje han ville plage danskane? skyt ein tredje inn.

Sjo prøver seg med neste påstand.

– «Nynorsk er gammaldags»

Studentane ser usikkert på kvarandre.

– På ein måte, det har opphav i norrønt, prøvar nokon seg. 

– Av og til kjenner ein at nokon vil gjera dette gammal, legg ein annan til.

QUIZ:Kva veit du om Ivar Aasen?

Heilt unikt

Når grammatikken kjem, blir alle satt til å jobbe i gruppe. Sjo kan ta seg ei lita pause. Ho seier ho er godt nøgd med studentane sine.  

– Studentane har eit høgt nivå i år, er motiverte, engasjerte og kan mykje når dei kjem. Dei verkar genuint interesserte, skryt universitetslektoren.

Studentane har ulik motivasjon for å ta faget. Vidar frå Kina framhevar språkforståinga.

– Eg studerer norsk i Kina og er her på utveksling. Noreg er eit dialektrike, så for å forstå folk betre, må ein lære noko om dialektane, meiner han.

 Michal frå Polen har lenge studert skandinavistikk.

– Eg har spesialisert meg i språkhistorie, der mesteparten av litteraturen er på nynorsk. Og det er ikkje så vanskeleg. Når ein samanliknar med polsk blir det meste enkelt, smiler han.

Fleire har merka seg at dialektane er påfallande mange, og at dei står sterkt i det offentlege rommet i Noreg.

– At ein bruker dialektane til dagleg i alle samanhengar er heilt unikt, meiner  Valterri frå Finland.

– Ein kan høyre kvar nokon er ifrå berre ved å høyre korleis dei snakkar. I Polen snakkar nesten ingen dialekt, sukkar polske Michal.

LES OGSÅ:Flinkare på skulen av nynorsk

Personavhengig

Emnet, som har koden norint 2115, er ein del av fagstudiet Norsk og litteratur i eit framandspråkperspektiv. Det er fjerde gongen emnet går etter at det kom inn i fagstudiet i 2010. Og det var ingen sjølvsagt del av studieprogrammet.

– Studieleiaren føreslo at nynorsk og dialektar skulle vera eit emne. Sidan eg er den einaste som har nynorsk som hovudmål på avdelinga, så vart det eg, pluss ei til, som utvikla det, fortel Toril Kristin Sjo.

Så det er avhengig av kven som jobbar her?

– Ja, ein hadde neppe fått ein plass om ikkje eg eller andre brann for det. Tenk om eg blir sjuk, da blir kanskje heile faget borte.

LES SISTE NYTT OM NYNORSKEN HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

Kommentarar

ANNONSE