– Må ta psykisk helse på alvor

Ungdommens fylkesting i Sogn og Fjordane meiner kommunane må satse meir på det psykiske helsetilbodet for unge.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Psykisk helse er både eit viktig og vanskeleg tema å prate om, og eg er glad for at det vart såpass stort fokus rundt akkurat dette temaet på fylkesting for ungdom i helga, seier Alice Beate Holm, nyvald leiar av Ungdomspolitisk . Statistikkane syner at fleire og fleire unge slit psykisk, og det er spesielt mange unge jenter med redusert helseoppleving. Dei som slit psykisk er ei svak og usett gruppe i samfunnet, og eg trur dette er ei sak som opptek mange unge.

Ein rapport frå Ungdata i haust viser at det å føla at livet er eit slit, å bekymra seg for mykje og å ha søvnproblem er vanleg blant ungdom. Over 10 prosent slit med eit høgt nivå av depressive symptom.

LES OGSÅ: Store forskjellar i helsetilbodet

– Kva meiner du bør gjerast for unge som slit psykisk?

– Det første ein kan sjå på er førebyggande tiltak, som å få informasjon om psykisk helse tidleg inn i skulen. Det skjer dramatiske forandringar i ungdomsåra. Både hormonelle forandringar og fysisk og sosial utvikling. Ein har stort press på seg og skal ta mange vanskelege val. Det er derfor viktig å få informasjon og vegleiing om psykisk helse allereie før ein begynner på ungdomsskulen.

– For unge som slit psykisk er det viktig at lærarane og andre vaksne er flinke til å sjå dei, tar seg til å prate med dei og vise dei til helsehjelp dersom ein ser høve for det. Det er viktig at skulen heile tida følgjer opp og har ein tett dialog med eleven. Det er viktig at unge får hjelp tidleg, og at hjelpa er tilgjengeleg der det gjeld. Det betyr at kvar kommune må ha ei ordning der ungdom har tilbod om psykisk helsevern.  

– Ein kan også sjå på paradokset i at det offentlege har eit døgnkontinuerleg tilbod dersom ein vert skadd fysisk, men at det ikkje finst noko tilsvarande tilbod for å hjelpe ved psykisk sjukdom. Dette ønskjer vi å gjere noko med, og meiner det er viktig at kommunane har eit døgnope tilbod for dei som treng akutt hjelp ved psykisk sjukdom, seier leiaren av Ungdomspolitisk utval.

LES OGSÅ:– Norsk ungdom har det sjukt bra

– Kva vil du og Ungdomspolitisk utval gjera for å følgje opp saka?

– Denne saka står ikkje i arbeidsprogrammet for Ungdomspolitisk utval i år, men vi vil like vel følgje opp saka. Vi har tett dialog med fylkeskommunen og fylkestinget, og vi håpar at dei vil setje temaet på dagsorden. Både fylkesvaraordførar, Jenny Følling, og ordførar i Nordfjordeid, Alfred Bjørlo, har kome med lovnader om at dette er noko dei vil ta tak i, avsluttar Alice Beate Holm.