Den nye regjeringa er i gang med sitt første statsbudsjett og har røpa at dei ønskjer å prioritere skatt og skule. Skatt og skule er evige debattar som må takast, miljøproblemet er ikkje evig men er i krise her og no – derfor treng vi eit miljøbudsjett.

Våre barnebarn
Å trekke fram framtidige generasjonar er eit perspektiv som ofte er vanskeleg, fordi det verkar så abstrakt. Lat meg prøve å konkretisere det; dei fleste av oss har medan vi var små blitt satt på fanget til ein besteforelder. Denne besteforeldren forklarte oss korleis alt hang saman, og om kampane deira generasjon kjempa slik at samfunnet vi veks opp i er så godt som det er. Så sjølv om barnebarn-generasjonen i 2060 er abstrakt klarar vi likevel å sjå for oss historia vi skal fortelje våre barnebarn, og eg er redd eg vil vere litt flau når det er min tur å fortelje.

Kvifor det? Det er mange lyspunkt i vår eigen generasjon, framfor alt at det stadig blir færre fattige i verda og at talet born som døyr før dei fyller 5 er redusert frå kring 30 000 i året til knapt 20 000 på 20 år. Men det fins to utfordringar der vi er nøydde til å ta oss i skinnet. Den første handlar om faresignala om at den gode velferdsstaten som vi alle er stolte av ikkje er berekraftig. Den andre er endå viktigare; vi held på å øydeleggje vårt eige livsgrunnlag, jorda sjølv.

For meg som kristendemokrat er det konservative perspektivet om generasjonssolidaritet lett å kjenne seg igjen i. Solidaritet handlar ikkje berre om folk i di eiga fagforeining, klasse eller nasjon – solidaritet handlar om alle menneske, til og med dei som ikkje er fødde endå. Høgre sine løfter om å prioritere skule og skatt er derfor delvis fornuftige. Ein betre skatt er viktig, fordi det kan styrke norske verksemder og hindre at økonomien blir delt mellom produktiv oljeverksemd og trøbbel for resten. Men det hjelper lite med gode skattesystem dersom vi ikkje får gjort noko med den globale oppvarminga. Det er dette som er vår generasjon sitt viktigaste verdispørsmål – derfor treng vi eit miljøbudsjett.

Det er no vi må handle
Alle norske parti med unntak av eitt har stemt for klimaforliket. Der har norske politikarar forplikta seg på at ein skal kutte 20 prosent av norske klimagassutslepp innan 2020. Dessverre ligg vi milevegs frå å nå det målet. I valkampen hevda dei raudgrøne at no hadde pila snudd og utsleppa var på veg nedover (det same gjor dei då Knut Arild Hareide var miljøvernminister), grunnen til dette var ikkje primært at ein hadde gjort noko med norsk oljeverksemd eller komme med eit grønt skifte, men at dei to gasskraftverka stod stille fordi dei ikkje har vore lønnsame. Elles har utsleppa dei siste åra berre gått opp, opp og opp. Utsleppa frå olje- og gass og vegtrafikk auka i 2012. Den førre regjeringa la fram ei oljemelding der dei planlegg at utslepp frå denne sektoren ville auke med 23 prosent fram mot 2020. Noreg ligg framleis 5,1 prosent over 1990-nivå. Skal vi nå målet om 20 prosent må vi snu, for vi er milevis av kurs.

Vi treng eit miljøbudsjett. I dag lønner det seg i for stor grad å vere miljøfiendtleg. Vi treng eit grønt skattesystem som gjer det lettare å velje miljøvennlege løysingar. Det aukande tempoet i oljeutvinninga (Stoltenberg opna 3 gangar så mange oljefelt som Bondevik) er både utfordrande for norsk økonomi og for miljøet. Ikkje berre kjem det store utslepp frå verksemda, men ein tener også så godt at dei beste hovuda går dit – i staden for at dei jobba fram morgondagens fornybare løysingar.

Det er mange andre løysingar som også bør på plass. Det er på tide med eit realt kollektivløft, der byar som prioriterer kollektivt blir lønna meir for den jobben dei gjer. Ikkje minst bør statseigde Statoil komme seg ut av det som er noko av den mest klimafiendtlege oljeutvinninga i verda; oljesanden i Canada. Det viktigaste er kanskje korleis Noreg vel å forvalte den enorme pengebingen vi har i oljefondet. Der har regjeringa vore modig, og gått med på samarbeidspartia sitt forslag om å gå gjennom og vurdere alle investeringar i fornybar energi.

Klima er vår tid si viktigaste miljøsak. Det handlar om jorda, og om solidaritet med våre etterkommarar og menneske i mindre privilegerte delar av verda. I Tyskland har Angela Merkel vore modig og satsa på ei vending av energien som gir resultat i meir fornybar energi. Erna Solberg treng ikkje vere like tøff med ein gang; men ho bør levere eit realt klimabudsjett. 2020 kjem stadig nærare, skal vi nå målet om å kutte 20 prosent må vi brette opp erma og starte på den viktige jobben.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

LES OGSÅ

ANNONSE