Færre søkjer yrkesfag på vidaregåande
Verst er det for bygg- og anleggsteknikk, som hadde nesten 700 færre søkjarar i år enn i fjor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Færre søkjer yrkesfag
Søkjartala til Utdanningsdirektoratet viser samtidig at fleire søkjer seg til studiespeisialisering på vidaregåande trinn 1 (vg1), førsteåret i den vidaregåande opplæringa, slik trenden har vore sei siste åra.
Halvparten søkjer yrkesfaga
Om lag halvparten av dei 74.000 søkjarane til vg1 i dei offentlege skulane har søkt seg til yrkesfaga, som er ein lågare prosentdel enn i fjor. For bygg- og anleggsteknikk er nedgangen så stor som 16 prosent.
– Vi er bekymra over den lågare søkinga til yrkesfag som bygg- og anleggsteknikk. Dette er viktig fagkunnskap som samfunnet treng, seier divisjonsdirektør Erik Bolstad Pettersen i Utdanningsdirektoratet.
Søkjartala fell også for medium og kommunikasjon og design og handtverk.
LES OGSÅ:– Lærer betre med praksis
Store kjønnsforskjellar
Etter utdanningsprogrammet studiespesialisering er helse- og oppvekstfag og teknikk og industriell produksjon dei mest populære programma på vg1.
Kjønnsforskjellane er store i søkjarmassen til dei ulike programma. Mens det er stor overvekt av jenter blant dei som søkjer seg til design og handtverk og helse- og oppvekstfag, er gutane i enda større overvekt blant dei som søkjer på bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon. (©NPK)
LES OGSÅ: Skule med eige oppdrettsanlegg