Brøda ikkje så grove som du trur
Grovbrøda i butikken er ofte mindre grove enn det merkinga skulle tyde på, viser ein gjennomgang som Forbrukarrådet har gjort.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ikkje så grove som du trur
Bakeria spekulerer i forbrukarønsket om å velje sunt og bruker malt og matmjøl for å få brøda til å sjå grovare ut enn dei er. Den såkalla Brødskala'n er misvisande, seier rådet.
– Grovbrødet er sjeldan så grovt som det gir seg ut for å vere. Brødskala'n, som er laga for å gjere det enkelt for forbrukaren å vurdere kor grovt brødet er, er meir enn moden for ei revidering, seier fagdirektør Gunstein Instefjord i Forbrukarrådet.
Instefjord oppmodar no matvarebransjen til å justere merkeordninga som har fire kategoriar.
– Det er matvarebransjen som eig merket og har ansvaret for at det ikkje er misvisande. Vi ventar at bransjen no tar ein gjennomgang slik at merket faktisk gir oss rett informasjon, seier han.
Det er mengda fullkorn som avgjer kor grovt brødet er, og ofte er det mindre av det i brøda enn det merkinga tyder på. Brød som i hovudsak er bakt på finmjøl og gluten og tilsett kli, er ikkje grovt. Forbrukarrådet minner om Helsedirektoratets råd, som er eit dagleg inntak på 70– 90 gram fullkorn. Det får du til dømes i brød med mykje sammala mjøl, havregryn, fullkornsris og fullkornspasta. (©NPK)