Kunnskapsministeren vil leggje tilhøva betre til rette for at ungdomsskuleelevar kan ta fag på vidaregåande.

mm

Elevar på ungdomstrinnet som tar fag på vidaregåande nivå, skal ikkje mista retten til å ta det same faget om att.

– Det bør vera muleg å prøva seg, og få sjansen igjen viss ein ikkje lukkast på første forsøk, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Det er stor forskjell på kor mange elevar som får høvet til å ta fag tidlegare, men det har vore ein auke det siste året. Dette skuleåret tar 1570 elevar på ungdomstrinnet fag frå vidaregåande opplæring. Det er ein auke på 28 prosent frå året før. No vil regjeringa sikre at elevane får høvet til å ta det same faget om att når dei kjem på vidaregåande.

LES OGSÅ: Stadig fleire eliteelevar

– Det kunne ein ikkje før og det kan ha vore avskrekkande for mange på ungdomstrinnet. Det har vore uklare reglar, men no endrar me reglane og gjer det heilt klart at elevar som til dømes tar matematikk på VG1-nivå i 10.klasse, får ta det same faget når dei byrjar i første klassa på vidaregåande, seier Røe Isaksen.

Ordninga med forsert løp vart innført skuleåret 2008–09 og frå skuleåret 2012–13 vart ordninga utvida til å gjelda alle programfag som byggjer på faga i grunnskulen.

Ingen har rett til å ta fag frå vidaregåande opplæring medan dei er elevar i grunnskulen, men det er eit tilbod skulane kan velja å gje. Ein føresetnad er at eleven har tilstrekkeleg kompetanse til å avslutta grunnskulefaget på eit tidlegare tidspunkt.

I tillegg gjev opplæringslova § 2-1 rom for at spesielt evnerike born kan hoppe over eitt eller fleire årstrinn, og læreplanverket opnar for at inntil 25 prosent av timane i eit fag kan omdisponerast til andre fag dersom dette vil betra den totale måloppnåinga for eleven.

– Me må hugsa på at òg flinke elevar har rett på tilpassa opplæring. Eg oppfordrar kommunane og fylkeskommunane å ta i bruk det handlingsrommet dei har for å gje eit godt tilbod til desse elevane, seier Røe Isaksen.

LES OGSÅ:– Klart elevar i vest er glupare

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50
ANNONSE