Språkrådet bøyer ikkje av for presset. Ordet «seigmann» blir ståande i dei offisielle ordbøkene.

mm

Ordet «seigmann» var ei allmenn nemning lenge før Kiellands dropsfabrikk, forgjengaren til godteriprodusenten Nidar, tok det i bruk som produktnamn i 1965. Ordet kan derfor ikkje fjernast frå dei offisielle ordbøkene, og det kan heller ikkje oppførast med stor forbokstav, fastslår Språkrådet.

Det er Nidars eigar Orkla som har kravd at ordet blir fjerna.

LES SAKA: Kranglar om seigmenn i ordbok

Orkla registrerte ordet som varemerke i 2003. Men orda «seigmenn» og «seigmenner» vart brukt i bøker allereie på 1930-talet, ifølgje Språkrådet

– «At seigmann er registrert som varemerke, framstår for Språkrådet som uheldig. Kva som ligg til grunn for den avgjersla, må me eventuelt ta opp med Patentstyret. Utgangspunktet for Språkrådet er å verna den norske skriftspråklege og talespråklege kulturarva, og det verkar derfor urimeleg om enkeltaktører får einerett til å bruka allmenne nemningar på sine produkt», heiter det i brevet frå Språkrådet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50
ANNONSE