Let pasientar drikke øl og røyke

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved Lotte pleiehjem i København kan pasientane sjølv velje når dei vil gå til sengs eller stå opp. Dei kan gå i kjøleskapet og ta det dei ynskjer. Dei kan ta seg ein øl eller eit glas vin til middag eller kvelds. Måltidene et dei tilsette saman med pasientane, og ingen av dei tilsette har på seg arbeidsklede.

– På Lotte prøver dei å skape noko som liknar mest mogleg som ein heim for pasientane. Dei skal bu der som om dei er heime og skal få bestemme mest mogleg sjølve, seier Elin Sundvor og Marte Haugsdal. Dei to 17-åringane er elevar ved helsefag ved Fusa vidaregåande skule og søkte gjennom skulen om å få praksisplass ved sjukeheimen i Danmark. Dei kom gjennom nålauget og jobba ein månad i København.

– Før vi drog såg vi videoar frå sjukeheimen og synast det såg veldig gøy ut der. Det virka som ein spesiell sjukeheim, noko som skil seg ut frå det vi har her heime.

LES OGSÅ: Ap vil gi gutar ekstrapoeng i helsefag

Treng 50.000 fleire
Innan 2035 treng Noreg 50.000 fleire helsearbeidarar, ifylgje undersøkinga Helsemod 2012 gjennomført av Statistisk sentralbyrå. For å få dette til, betyr det at fleire unge må velje helsefag.

Fusa vidaregåande skule bruker praksisplassane i Danmark aktivt når dei driv marknadsføring av helsefag ovanfor elevar i ungdomsskulen.

– Mange har høyrt om det, fortel Sundvor.

– Kva slags forventningar hadde de før dei drog til Danmark?

– Vi gledde oss veldig, men vi hadde ikkje peiling på kva vi eigentlig skulle.

Begge to er særs fornøgd med det fire veker lange opphaldet i Danmark.

– Det var veldig lærerikt og vi fekk vere med på ein rekke ulike aktivitetar, som til dømes bingo og musikksamlingar. Vi opplevde at det òg var heilt annleis med tanke på at dei tilsette et saman med pasientane og ikkje har på seg arbeidsklede slik vi er vann med her i Noreg, seier Sundvor.

LES OGSÅ: Ei medisinsk reise

Såg fornøgde pasientar
Dei opplevde at pasientane var tilfreds med å bu der.

– Dei som budde der virka veldig glade og fornøyde med livet alle saman. Det var veldig mykje glede, fortel Sundvor.  

Haugsdal og Sundvor vart inspirerte av å ha praksis ved ein annleis sjukeheim i Danmark.

– Eg fekk i alle fall ikkje mindre lyst til å jobbe innan helse, seier Sundvor.

– Eg synest opplegg med praksis i Danmark var svært positivt. Eg har også vorte meir sikker på at eg ynskjer å jobbe innan helse, seier Haugsdal. 

Begge har planar om å ta sjukepleiarutdanning når dei er ferdig med dei fire åra på teknisk allmennfag (TAF). No går dei tre dagar på skulen og er to dagar i veka i praksis ved ein lokal sjukeheim.

Få nyutdanna sjukepleiarar ynskjer å jobbe med eldre, syner ei undersøking frå studentorganisasjonen til Norsk sykepleierforbund. Dei spurte sjukepleiarane som vart ferdig utdanna sommaren 2013 og heile tre av fire hadde sjukehus som fyrsteval for kvar dei ville jobb.

– Eg ynskjer nok å jobbe på sjukehus med ein gong når eg er nyutdanna, men etter kvart kan eg tenkje med å jobbe med eldreomsorg, seier Sundvor.

– Kvifor ynskjer de å jobbe innan helse?

– Eg synast det er veldig givande. Ein går ein frå jobb og kjennar at ein har gjort noko fornuftig. Det er kjekt å møte nye menneske og kunne hjelpe dei, seier Haugsdal.

Dei to vil anbefale andre å ta liknande studieturar.

– Det er veldig lærerikt og inspirerande.

LES FLEIRE SAKER OM YRKESVAL!