Ap vil gi gutar kjønnspoeng i helsefag
Arbeidarpartiet vil at gutar skal få kjønnspoeng når dei vel utdanningar innan helse og omsorg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ap vil gi gutar kjønnspoeng
Ifølgje Statistisk sentralbyrå vil vi mangle 57.000 helsefagarbeidarårsverk og 27.000 sjukepleiarårsverk i 2035. Arbeidarpartiet vil ha fleire menn inn i sektoren, skriv Bergens Tidende.
– Vi må rekruttere breiare, derfor kjem vi med dette forslaget, seier Aps nestleiar Helga Pedersen.
Ho meiner likevel at det må meir til for å få fleire menn inn i helsesektoren.
– Kjønnspoeng vil ikkje åleine vere nok. Dette må kombinerast med fleire verkemiddel. Det må bli gitt betre informasjon og rådgiving i arbeidet med å få fleire til å velje denne utdanninga, seier Pedersen.
LES OGSÅ: Skremmer vekk helsefagarbeidarar
Utdanningspolitisk talsmann Svein Harberg i Høgre forstår intensjonen med kjønnspoenga, men er usikker på om det er løysinga.
– Vi har ikkje diskutert dette. Det ønskelege hadde jo vore at ein valde utdanninga fordi ein synest ho er attraktiv, seier Harberg.
I dag er det berre veterinær- og dyrepleiarutdanninga som gir gutar ekstrapoeng. (©NPK)
Er dette ein god ide? Diskuter i kommentarfeltet!