Ei medisinsk reise

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal redda helse-Noreg

Det var ei tid då legar med utanlandsk utdanning vart møtt med mistru og fordommar, slik Torstein Bertelsen skildrar i boka De skapte legemangelen.

Unge som på eige initiativ ville reise til utlandet for å bli lege, fekk høyre at dei spelte hasard med si eiga framtid. Somme i legestanden kranglar framleis på om denne kampen mot utanlandsmedisinarane i det heile teke har funne stad. I mellomtida reiser framtidige legar til utlandet i hopetal.

Mot aust
– Polen har alltid vore eit godt alternativ for meg, skriv Sigrid Frøyen (23) på epost frå byen Poznan i Polen.

Ved Poznan University of Medical Sciences har ho i haust teke til med andreåret på medisinstudiet. Sidan søstera hennar studerer ved same universitet, visste Sigrid kva ho gjekk til. Å ta fatt på eit seksårig studium i utlandet verka som ei spanande utfordring for studenten.

– Medisinprogrammet ved Poznan er veldig bra. Vi har eksamenar frå USA og arbeider alltid mot amerikanske standardar. Det gjev oss òg moglegheita til å kunne jobbe i USA seinare, fortel Sigrid.

Talet på framtidige medisinarar som har pakka kofferten og flydd ut i verda har gått i bølgjer. Den første toppen kom på slutten av 60-talet, før kurva peika nedover fram mot 90-talet. Sidan har talet på unge som let seg freiste av lågare opptakskrav og gode støtteordningar stige i vêret.

I 2010 studerte 40 prosent av alle norske medisinstudentar i utlandet. Fire av fem set kursen austover i jakta på legedraumen.

Før reiste studentane til Nederland, Austerrike og Sveits. I dag reiser dei til Ungarn, Danmark, Slovakia, Tjekkia, Tyskland, og ikkje minst – Polen.

LES OGSÅ: Praksis i grenseland

Robuste og arbeidsame
– Det nyttar ikkje med skippertak. Vi har mange prøver undervegs og poengsummane på prøvene avgjer om vi får ta eksamen. Dagane mine varer gjerne frå halv sju om morgonen til ni om kvelden. Fritid er lesetid, fortel Sigrid.

Ho er ikkje åleine om å bruke mykje tid på studiane. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) har undersøkt bakgrunnen til norske medisinstudentar i utlandet og fann at desse studentane brukar meir tid på studiane enn sine norske medstudentar. Og sjølv om studentane i utlandet ofte har lågare karaktersnitt frå vidaregåande, har framleis halvparten eit snitt over fem. I tillegg fann forskarane at desse studentane hadde meir robust personlegdom.

Sigrid er ikkje så oppteken av å samanlikne seg med medisinstudentar i Noreg.

– Personleg føler eg meg ikkje noko meir robust enn studentar i Noreg, svarar ho.

Ho vedgår likevel at det kan vere utfordrande å reise til eit framand land for å studere i seks år, leve i ein annan kultur, forholde seg til andre reglar og ikkje minst, studere på eit anna språk.

Autoritære professorar

Og kanskje hjelper det å vere litt robust i møte med det austeuropeiske utdanningssystemet. For sjølv om oppfølginga frå universitet er god, er tålmod ei nøgdvendigheit.

– Mange trur at det å studere på engelsk er den største utfordringa, men det vende eg meg fort til. Systemet derimot, kan av og til vere treigt og gamaldags. Mykje skal vere i papirform, stempla, signert og kopiert fleire gongar, så ting kan ofte ta lang tid.

LES OGSÅ: Verdas beste reisebyrå

Sigrid fortel vidare om eksamenar som har blitt flytta fleire gongar, utan at det har blitt teke omsyn til studentane. Og eksamenslesetid som av og til vert fylt med obligatoriske førelesningar i fag som føles mindre nyttige.

– I tillegg er forholdet mellom student og professor annleis i Polen. Professorane skal vere sterke og autoritære figurar, som studentane skal ha mykje respekt for. Det kan vere litt uvant for norske studentar som er vande med ”kompislærarar”, seier ho.

(saka held fram under bildet!)

FRAMTIDA: Over halvparten av medstudentane til Sigrid er nordmenn. Her er dei på første anatomilab. Sigrid er femte frå høgre. Foto: Privat

Gunstig
Om Sigrid brukar mykje tid på studiane og av og til egrar seg over gamaldagse rutinar er det andre føremoner med å studere i Polen. Gunstige lånevilkår gjer studentar i heimlandet sine økonomiske kvardagsbekymringar til fjerne problem.

– Her er mykje omkring ein tredel av prisane i Noreg. Eg slepp å ha ekstrajobb og kan konsentrere meg hundre prosent om studiane, fortel Sigrid.

LES OGSÅ:Ein gyllen sjanse

Ein vanleg skuledag kan vere vanskeleg å skildre, syns ho.

– Somme fag varer heile året, andre byrjar midt i haustsemesteret og varer berre nokre veker og somme byrjar ikkje før i slutten av vårsemesteret. Ein vanleg skuledag inneheld kanskje i snitt tre til fire timar obligatoriske seminar eller lab og deretter andre førelesningar. Vanlegvis sluttar vi kring klokka 15.00, og somme gongar seinare. Etter det les eg, fortel Sigrid.

Noko fritid blir det likevel.

– Som regel har vi ein eksamen eller ei prøve å førebu oss til, men eg prøver å ta fredagskveld og laurdagen fri. Då går vi på kino, restaurant, besøker vener, festar, ser film eller slike ting, fortel ho.

På universitetet har Sigrid og dei andre medisinstudentane to år med polskundervisning, for å førebu seg til praksis tredje året.

– Eg har ikkje noko særleg kontakt med det polske miljøet. Dei i klassen som snakkar polsk i tillegg til morsmålet kan jo sjølvsagt ha vener utanfor universitetet, men for meg som ikkje snakkar polsk blir det litt vanskeleg, meiner ho.

Tøff utsiling

I ein artikkel frå tidsskriftet ”Søkelys på arbeidslivet” (nr. 4/10) legg forfattarane fram funn frå ei undersøking der utdanna legar vurderte sine eigne kommunikative og kliniske ferdigheiter.

Medisinstudentar utdanna i utlandet har slett ikkje noko negativt syn på sin eigen kompetanse.

Kandidatane utdanna i Aust-Europa er til dømes vesentleg tryggare på å gi råd om helseåtferd, medan dei utdanna i Noreg meinte seg dårlegare til å etablere kontakt med pasientane.

Ei moglege forklaring er at norske medisinstudentar i utlandet studerer meir, og dermed kanskje også lærer meir. I tillegg står pasientrettane svakare, og medisinstudentane får i større grad ”sleppe til” på pasientane, ifølgje undersøkinga.

Sigrid er ikkje redd for mottakinga i Noreg etter at det seksårige studiet er unnagjort.

– Skilnaden på meg og ein lege utdanna i Noreg er at det eg kan har eg lært i Polen, seier ho.

Les meir om studier i utlandet her!

TRADISJONAR: – Biletet er frå opninga av skuleåret. Fremst ser ein professorane i store kapper med kragar av revepels. Det er eit godt døme på det litt gamaldagse ein kan finne her. Ganske kult, eigentleg, seier Sigrid. Foto: Privat.

Faktaboks

Norske medisinstudentar i utlandet

Polen – 1187 studentar
Ungarn – 487 studentar
Danmark – 249
Slovakia – 244
Tjekkia – 178
Tyskland – 78

Tal per 1. juni, 2010