– Viktig at unge engasjerer seg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ta vel i mot oss, og gje så det monnar.

Det er oppmodinga frå Johanne Hagelin og Espen Sleppen Josvanger.

Dei er komiteleiarar for aksjonen «Krafttak mot kreft» på høvesvis Sogndal vidaregåande skule og Luster vidaregåande skule.

LES OGSÅ: Knutejakta har starta

Engasjerte
– Det er viktig at me unge engasjerer oss i temaet og i aksjonen, seier Johanne Hagelin, som saman med rundt 110 avgangselevar med synlege ID-kort tek turen rundt i Sogndal, Leikanger og Lærdal med bøsser til inntekt for Den norske kreftforening.

18 millionar
Det skjer alt i dag. I Luster er aksjonsdagen ei veke fram i tid. Temaet for aksjonen i år er personleg tilpassa kreftbehandling.

Også i Årdal er elevane klare. Dei går i gang 11. mars.

– Det er lett å få russen til å engasjera seg i ei så viktig sak, seier årdalsruss Katrine Eldegard.

Russen sin innsats betyr svært mykje for kreftforeininga. Heile 90 prosent av alle midlane som vert samla inn kjem frå Krafttak mot kreft-aksjonen. I fjor samla russen, på landsbasis, inn heile 18 millionar kroner.

205.700 kroner vart det samla resultatet på dei tre vidaregåande skulane i vår region.

– Stå på
Ekstra motivasjon til å nå målet får dei frå Raymond Hoel (30). Han veit kor viktig innsatsen til russen er i kampen mot kreftsjukdomen. For ni år sidan, under studiar og fotballspeling i USA, fekk han brått store ryggsmerter. Ei stund seinare kom den tøffe beskjeden frå legane om at det var påvist ein vondarta kreftsvulst nedst i krossryggen. Det enda med amputasjon av venstre fot.

I fjor blei han landskjent i samband med TV-suksessen «Ingen grenser». I dag studerer han sosialt arbeid ved høgskulen i Sogndal.

– Eg har kome veldig langt, men kan koma lenger, seier han, og legg til: – Om eg ikkje har to friske bein, har eg masse å gje, seier Hoel, som har hatt, og har, eit stort engasjement for kreftforeninga sitt arbeid.

– Då eg vart råka av kreft hadde eg lite kunnskap og var uvitande om sjukdomen. Kreft er ein alvorleg sjukdom, men mange som får diagnosen blir faktisk friske. Det er viktig å få fram, seier Hoel, som i tillegg til studiar reiser rundt og held motivasjonsføredrag.

Saka var først publisert i Sogn Avis.