Knutejakta har starta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bekymra for sexpress

I ei tid prega av innleveringar og tentamen finn russen tid til å fullføra årets russeutfordringar for å få nok knutar russehua 17. mai. Årets russ ved Stord vidaregåande skule utfordrar kvarandre si helse i forhold til sex og alkohol, men oppmodar også til gode karakterar og ansvarleg køyring bak rattet.

Venninnene Nerea Hernandez Eide og Hanne Kolltveit meiner det ikkje er alt som er like aktuelt å gjennomføra blant dei 179 utfordringane fordelt på fem kategoriar.

Set grenser
– Nokon av dei er kanskje litt dryge, seier Nerea Hernandez Eide og meiner video av seksuell omgang går over streken.

Sjølv har jentene berre teke dei knutane dei sjølv er komfortable med å gjennomføra.

– Til no har me hatt frukost i rundkøyringa, hatt ein heil hubba bubba-pakke i munnen ein heil skuletime og trafikkontroll med hårfønar, oppsummerer avgangselevane.

– Kva av dei synest de blir for drygt blant årets knutar?

– Den med å springa i undertøyet inn på lærarrommet trur eg ingen har tørt til no, seier Hernandez Eide.

– Sikker sex med mindreårige blir litt mykje, seier Kolltveit og viser til knutar som går på å rota med folk to til fleire år yngre.

LES OGSÅ: Parkerer russebilane

Privat feiring
Rektor Leif Helge Engelsen har halde seg unna russereglane, som han seier er eit privat arrangement.

– Det må dei styra sjølv. Det er privat og ikkje noko skulen har noko med. Men på skulen så må dei følgja skulereglementet, seier Engelsen.

Til no meiner rektoren at russetida og knutejakta har gått godt, og rosar russen for innsamlingsaksjonen for krafttak mot kreft.

– Dei er fantastiske ungdommar. Litt må me tåla, men det kan ikkje gå ut over undervisninga, seier Engelsen.

LES OGSÅ: Kliner til med torsk

Bekymra for sexpress
Leiande helsesøster Sigrun Helland ved Helsestasjon for ungdom meiner nokre av knutane fører unødvendig press hos dei unge.

– Nokre av russeknutane handlar om å ha sex med mange eller ukjende partnarar. Det kan føre til sexpress hos ungdommane. Dette kan igjen gjera at nokre av dei involverte vil oppleva det som krenkjande. Med sexutfordringar aukar faren for seksuelle sjukdommar.

Ho likar heller ikkje at ein involverer yngre skuleelevar i knutane.

– Ein bør avstå frå å gjennomføra knutar som går ut over førsteklassingane eller ungdomsskuleelevane. Nokre er redde for russen og vil oppleva til dømes det å få ein softis i ansiktet som ei krenking.

– Med mykje alkohol aukar faren for ulukker og smittefare i forhold til sjukdommar.

LES OGSÅ: Vil flytte eksamen til før 17. mai

Men heilt uansvarlege er ikkje årets russeknutar.

– Det er og mykje positivt. Til dømes knuten om å stela nøklane frå nokon som skal til å fyllekøyra, og at ein skal ta vaksine for hjernehinnebetennelse.

– I år har russen for første gongen fått tilbod om vaksine mot hjernehinnebetennelse til ein rimelegare pris. Om lag halve kullet ved Stord vidaregåande skule har vaksinert seg.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!