På tide å søkje sommarjobb

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søk sommarjobb no

– Me ser at arbeidsgjevarar startar jakta på gode kandidatar tidleg på året. For å sikra deg sommarjobben er det lurt å vere ute i god tid, seier Johannes Sørbø, seniorrådgjevar i NAV, i ei pressemelding.

Sommarjobb er ein gylden veg inn på arbeidsmarknaden. Anten du er ute etter å skaffe deg relevant erfaring innafor eit spesielt yrke, eller du berre er interessert i å tene pengar. Det er alltid bra å ha tidlegare arbeidserfaringar på CV-en.

LES OGSÅ: Enno ikkje skaffa deg sommarjobb

Helsejobbar på Nav.no
Freistar det med ein sommarjobb som feltleiar hjå Sametinget? Det er ei av dei ledige sommarjobbane som i dag ligg ute på Nav sine sider.

I januar hadde NAV 1.900 sommarjobbar ute på sidene sine. Heile 1.300 av desse var innanfor helse-, pleie- og omsorgsyrker. Etter denne største gruppa, kjem stillingar innan reiseliv og transport, der det er var 200 stillingar ute i januar.

I fjor vart det registrert 4 700 sommarjobbar hjå Nav i februar, og 2 700 utlyste jobbar både i mars og april.

Andre plassar ein kan vende seg for å finne sommarens inntektskjelde er Finn.no eller samlesida Rubrikk.no.

På Finn.no ligg det no ute over 2600 ulike jobbar med stikkordet sommar. Òg her er det mange i helse- og omsorgssektoren, men du kan i tillegg finne ei mengd ulike servicejobbar og nokre som er sikta inn mot studentar innafor bestemte område.

Rubrikk.no har over 4200 ledige sommarjobbar ute. Det er med andre ord mykje å velje i, for den som er tidleg ute.

LES OGSÅ: Rår for Don Juan-sjekking

Ta initiativ
Men det er ikkje alle bedrifter som lyser ut sommarjobbar.

– Ynskjer du sommarjobb i industrien til dømes, er det normalt få av desse som lysast ut på nav.no. Då er det viktig å kontakte bedrifta, og høyre om det er moglegheiter for å få sommarjobb der, rår Sørbø, og legg til:

– Generelt er det nok òg slik at mange sommarjobbar ikkje blir lyst ut, men går gjennom slekt, vener eller ved at personar sjølv tek kontakt med bedrifta. Derfor er det viktig å bruke eige nettverk, og å vere aktiv og vende deg til bedriftene du kunne tenke deg å jobbe for, understrekar Sørbø.

For dei som vil ha ei større oppleving rundt sommarjobben kan ein freiste å kome seg utanlands. Kva med ein tur til Grønland eller Færøyane? NordJobb formidlar sommarjobbar for ungdom mellom 18 og 28 år i heile Norden.  

Vil du lenger ut i Europa har Nav har eit samarbeid EURES-portalen, som formidlar jobbar innafor EU/EØS-landa. Eit søk på alle landa syner at det no ligg 75 sommarjobbar ute, dei fleste av desse i Finland og Storbritannia.