Eldre i distrikta står lenger i helsekø

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse står lengst i helsekø

– For eldre over 67 år er det ein klår samanheng mellom kor langt dei bur frå sjukehuset og tida det tek før dei vert behandla ved sjukehus, seier professor Fredrik Carlsen ved Institutt for samfunnsøkonomi ved NTNU, til Forsking.no.

Saman med professor Oddvar Martin Kaarbøe ved Universitetet i Bergen (UiB) har han teke for seg kor lang tid det tek frå ein person vert vist til sjukehus til ein vert lagt inn.

LES OGSÅ: Står åleine om resepten sin for Helse-Noreg

Nærleik er viktigast
Forskarane fann forskjellar i ventetid mellom kjønn og alle aldersgrupper, men det var mellom dei eldre at forskjellane var størst.

For besteforeldregenerasjonen er avstanden til lokalsjukehuset den viktigaste enkeltfaktoren for å få rask behandling.

Forskarane har sett på forskjellen mellom eldre over 67 år som bur meir enn 50 kilometer frå sjukehus samanlikna med dei som bur mindre enn 50 kilometer frå sjukehus.

Ser ein vekk frå forskjellige diagnosar venta dei som budde lengst vekke i snitt elleve dagar lenger enn dei som budde nært sjukehuset, uavhengig av om dei var kvinner eller menn. Tek ein diagnoseforskjellar med i reknestykket kan eldre med like diagnosar vente ni dagar lenger enn tilsvarande pasientar om dei bur langt frå sjukehuset.

Kjempande fastlegar
Ved dei små lokalsjukehusa er det oftast lenger ventetid, og ein får difor raskare behandling om ein bur nær ein by.

Forskjellen i ventetid kan òg kome av at pasientar i byar lettare kan ta timar som vert ledig på kort varsel, samt at det er dårlegare tilgang på fastlegar i grisgrendte strok. Fastlegane kan vere ei viktig brikke i det å kjempe for rask innlegging for ein pasient. Mykje gjennomtrekk i fastlegestillingane, som ein gjerne har i distrikta, er difor ein uting.

– Sannsynlegvis er ikkje fastlegane like flinke til å følgje opp pasientane når det er mange utskiftingar, meiner Carlsen.

Frå tidlegare er det ei kjent sak at høgt utdanna kjem seg raskare inn til behandling enn lågt utdanna. Dette kan forklarast med at høgt utdanna oftast buset seg i byane og har same fastlege over lenger tid.

Tala er frå 2004 til 2005, men det er lite som tydar på at helsereforma har gjort nokon forskjell i totalbildet sidan den gong.