På 15 år har Island gått frå verst til best i klassen når det kjem alkoholforbruket blant 15-16 åringar. Men leiaren i Juvente er skeptisk til det mest drastiske verkemiddelet.

mm

– Sidan det var det same over heile landet, kunne ikkje ungane mine kome og seie at alle andre fekk vere lenger ute, fortel Jón Sigfússon, direktør på Icelandic Centre for Social Research and Analysis (ICSRA), på telefon til Framtida.

Han fortel om grepa det vesle nordiske landet gjorde for å hanskast med eit aukande drikkeproblem mellom unge.

Portforbod etter midnatt
I 1998 svara 42 prosent av islandske 15-16-åringar ja på spørsmål om dei hadde vore fulle dei siste 30 dagane. Etter dette vart det gjort endringar i både haldningskampanjar og politikk. I fjor var talet nede i fem prosent.

Jón Sigfússon er mellom dei som har oppsyn med forskinga gjennom programmet Youth in Iceland. Kvart år måler ein bruk av alkohol, tobakk og narkotika blant ungdom, i tillegg til andre indikatorar som kan forklare kvifor desse har gått opp eller ned. Forskinga vert kjent allereie to månadar etter at data er innhenta.

Etter det negative toppåret i -98 gjekk Reykjavik og regjeringa inn for nokre drastiske endringar. Island er no eit føregangsland i Europa. Særleg når det kjem til alkoholbruk blant yngre.

Det kanskje mest drastiske tiltaket var eit portforbod etter alder. Det vart lovfesta kva tid unge ikkje hadde lov å vere ute utan vaksenfølgje. Etter nokre mindre endringar i fjor er det no slik at born opp til tolv år kan vere ute til klokka 22.00 utan tilsyn, medan 13- til 16-åringar kan vere ute til midnatt.

Sigfússon meiner hovudpoenget med portforbodet er å gjere foreldre merksame på at når ungane er ute seint er det større risiko for at dei drikk alkohol.

LES OGSÅ: – Ungdom fortener betre råd

Kvantitet over kvalitet
Det er berre ein av risikofaktorane dei islandske forskarane har funne, som har ført til endringar. Andre ting som verka preventivt på unge sine haldningar til – og bruk av  – alkohol var foreldrekontroll og forholdet til foreldra. Her var kvantitet viktigare enn kvalitet når det kjem til foreldrekontakt, så det nyttar ikkje å ta skippertak. Dei som treivst godt på skulen og heime, samt dei som deltok i organiserte fritidsaktivitetar nytta òg mindre rusmiddel.

Etter desse funna har arbeidet gått bort frå kampanjar som fortel om faren ved å drikke alkohol og røyke.

– Utfordringa no er ungdom over 16 år. Til dei går ut av grunnskulen er det ikkje sosialt akseptert å drikke alkohol, men etter at dei går over til gymnaset stig talet på dei som har vore fulle dei siste 30 dagane frå 1 prosent til 30, forklarar Sigfússon.

LES OGSÅ: Drikk mindre når foreldra set grenser

Island vs. Noreg
Sagaøya Island har i dag 20-årsgrense for å drikke alkohol og snus er heilt forbode.

På andre område er Island ganske like Noreg. All alkohol vert selt frå Vínbúðin, og dei har gått frå eit reklameforbod mot tobakk og alkohol til eit forbod mot at det synast i butikkane.

Òg her heime har talet på mindreårige som nyt alkohol flata ut og gått jamt nedover sidan 2000. 85 prosent av ungdomsskuleelevar hadde ikkje drukke seg fulle det siste året, ifølgje Ungdata sine tal frå 2012. Her var det store forskjellar mellom dei tre klassetrinna. Frå i overkant av tre prosent på 8.trinn til nesten 30 prosent to år seinare.

LES OGSÅ: Ungdom drikk mindre

– Nesten litt skummelt
Leiaren i Juvente, Kristoffer Holm, har ikkje tru på at portforbod vil vere eit godt tiltak i Noreg.

– Det høyres litt vel strengt ut. Det går ut over ungdom sin fridom og er nesten litt skummelt, meiner Holm, som stiller seg undrande til at dei har fått gjennom ei slik lov.

Holm har ikkje tidlegare høyrt om Island som eit føregangsland i rusforebyggjing, men trur nokre av tiltaka kan ha noko for seg. Han peikar mellom anna på at foreldrekontakten og einigheita som er på barneskular, ofte opphører på ungdoms- og vidaregåande skule. Der vert ein gjerne samd om felles reglar og retningslinjer for elevane.

– Foreldresamarbeidet ein har på barneskulen kan ein godt ta med seg vidare, meiner Holm.

Vidare peikar han på at foreldre som gode førebilete er viktig, då born ofte arvar foreldra sitt drikkemønster.

Han gler seg over positive tendensar òg her heime, men det er framleis utfordringar.

– Me ser eit aukande drikkepress for jenter, der det vert forventa at dei drikk like mykje som gutane, sjølv om dei tåler mindre.

Kva meiner du skal til for å redusera alkoholbruk blant ungdom? Er portforbod vegen å gå?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

LES OGSÅ

ANNONSE