Drikk mindre når foreldra set grenser

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ein fersk oppsummering av ungdomsundersøkingane til Helsedirektoratet frå 2006 og 2010. Tydeleg grensesetting frå foreldra er ein av årsakene til endringane, meiner Knut-Inge Klepp, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

– Tala kan tyda på at foreldre kan påverka alkoholbruken til ungdomar ved å setje tydelege grenser og vera gode rollemodellar, seier divisjonsdirektør Knut-Inge Klepp i ei pressemelding.

Ifølgje ungdomsundersøkingane hadde 80 prosent av unge mellom 15-17 år drukke meir enn eit par slurkar alkohol i 2006, i 2010 svarte berre 57 prosent det same. For fem år sidan var det mest vanleg at ungdomane drakk alkohol 2-3 gonger i månaden. I 2010 var det mest vanleg at dei drakk alkohol 3-11 gonger i året.

I 2006 fortel nær ein av tre unge at dei kjenner nokre med alkoholproblemer, i 2010 svarar ein av fem det same.

Bruker foreldremøte til å setje grenser
– Foreldremøte om alkohol er viktige arenaer der dei føresette kan utveksla erfaringar og diskutera grensesetting, seier Knut-Inge Klepp i Helsedirektoratet.

Òg Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) understrekar viktigheita av foreldremøta til skulane om alkohol.

LES OGSÅ: Edru ungdomstid

– Me oppfordrar alle skular til å jamleg gjennomføra foreldremøte om alkohol fordi dei føresette får høve til å diskutera forventningar, bidra til eit godt fellesskap og skapa dialog med skulen, andre føresette og elevar, seier FUG-ledar Loveleen Rihel Brenna.

Nær halvparten av ungdomsskulane til landet gjennomførde foreldremøte om alkohol i 2008/2009, viser ei undersøking for eit drygt år sidan.

Ungdom ynskjer grensesetting
Tala viser at stadig fleire ungdomar ynskjer at foreldra skal vera strenge når det gjeld alkoholbruk. I 2006 var 56 prosent av dei unge heilt eller delvis samde i påstanden om at foreldre ikkje bør sende med borna sine alkohol på fest før dei blir 18 år. I 2010 hadde tala stige til 66 prosent. I 2006 var 51 prosent av dei unge heilt eller delvis samde i påstanden om at foreldre ikkje bør gje borna sine alkohol heime før dei fyllar 18 år, i 2010 var tala stige til 63 prosent.

Fleirtalet av norske ungdomar ynskjer grensesetting frå foreldra. Heile 85 prosent av dei unge, både i 2006 og i 2010, er heilt eller delvis samde i påstanden om at «eg synest det er bra at foreldra mine set grenser».

Faktaboks

* Færre ungdomar har drukke alkohol i 2010, enn i 2006 (I 2006 hadde 80 % drukke meir enn eit par slurkar alkohol, i 2010 svarte 57 % det same).
* Ungdom, jenter spesielt, drikk sjeldnare i dag (I 2010 drakk 5 % av jentene alkohol kvar veke mot 16 % i 2006).
* Langt færre ungdomar drikk seg fulle i dag (65 % i 2010 mot 76 % i 2006).
* Færre ungdomar kjenner nokon med alkoholproblem i dag (21 % i 2010 mot 32 % i 2006).
* Fleire ungdomar meiner foreldre ikkje bør sende med unge alkohol på fest i dag (66 % i 2010 mot 56 % i 2006).
* Fleire ungdomar meiner foreldre ikkje bør gje unge alkohol heime i dag (63 % i 2010 mot 51 % i 2006).
* Like mange unge ynskjer grensesetting frå foreldra i 2010, som i 2006 (85 % meiner det er bra at foreldra set tydelege grenser).