Senkar blodtrykket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor er gamalost bra for deg

Det er først og fremst dei store mengdene med vitaminet K2 som gjer gamalosten til ein verkeleg helseven. K2 er bra for blodtrykk, hjarte og beinbygnad. Det blir òg stilt spørsmål om osten motverkar utviklinga av kreft.

LES OGSÅ: Forskar: Salt er verre enn tobakk 

Utan feitt og salt
For eit par år sidan avsløra forskinga til pakistanaren Tahir Mahmood Qureshi blodtrykkssenkande effektar og arbeidet vakte naturleg nok medieoppsikt.

– Doktorgraden min er basert på det Tahir jobba med. Skilnaden er at han jobba i labben, eg har teke forskingsarbeidet ut til forbrukarar av osten, seier Rita Nilsen som tek doktorgrad i matvitskap på Norges miljø- og biovitskaplege universitet.

– Eg bestemte meg for å forska vidare på gamalost sidan det som alt var gjort, var veldig interessant.

– No vil me sjå om me finn det same i menneske som me fann i labben. I tillegg er gamalosten spesiell på den måten at det ikkje er so mykje forsking rundt den, og det er jo færre og færre som et den.

– Gamalosten er sunn og utan feitt og salt, men inneheld mykje protein. Andre ostar har både salt og feitt, seier Rita Nilsen.

LES OGSÅ: Salsrekord for gamalosten 

Åt osten i åtte veker
Forskaren har nyss avslutta doktorgradsundersøkingane. 150 deltakarar på Austlandet åt osten kvar dag i åtte veker og vart følgt opp.

– Eg har ikkje resultat frå denne undersøkinga enno, men eg gjorde ei pilotundersøking, ein sokalla tverrsnittstudie. Blodtrykk var målt og blodprøver vart teke.

– Eg fann ut at dei personane som hadde høgast inntak av gamalost også hadde lægre blodtrykk.

Ifølgje Nilsen var skilnaden liten, likevel interessant nok til å gå vidare.

– Eg har også målt kolesterol og triglyserid som er feittmolekyl i blodet. Det kan vera at det er ein skiland også der.

– Eg reknar med me får sjå klårare resultat i den nye studien dersom gamalosten er så sunn som me trur.

Skal forska vidare
I tillegg til at gamalosten inneheld mykje protein, er det ein annan ingrediens som gjera at produktet frå Vik er bra for deg.

– Muggsoppen i gamalosten gjera at proteina blir brotne ned til små biter som kan ha solkalla bioaktivitet, det vil seia dei har ein aktivitet utover det å vera protein.

– Desse bitane kan ha potensial til å senka blodtrykket og er blant dei tinga eg skal finne ut av. Bitane finst i mange ostar, men i gamalost er det ein spesielt høge mengder, seier Rita Nilsen.

Saka var først publisert i Sogn Avis.