Skarpe skuleelevar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein høyrer stadig ekspertar som uroar seg over at det satsast for lite på realfag i den norske skulen. Dei fryktar det vil verta ein hemsko for landet i framtida. Her er ei sak som difor kan få dei til å smila.

Marcel H. Rød (15) og Marie Ø. Kjeldaas i klasse 10 c ved Husnes ungdomsskule er begge så flinke i matte at dei tek matematikkfag for vidaregåande skule. Marcel er faktisk alt i gang med sitt andre år. Marie tek 1. året, men her må nemnast at ho eigentleg skulle gått i 9. klasse. I november vart ho flytta opp til tiande, av di ho meistrar faga så godt. 
– Eg meiner det er viktig at elevar får noko å strekkja seg etter, og her har vi to som er svært gode i matematikk. Då er det absolutt ingen grunn til å halda dei tilbake, meiner lærar Tore Olderkjær.

LES OGSÅ: Stadig fleire «eliteelevar »

Ikkje plass på KVV
Elevane er glade for at dei får sjansen til å jobba med matematikk på sitt nivå. 

– Eg har vore glad i matematikk sidan eg var liten. Pappa introduserte meg for faget tidleg, og sidan har eg vore veldig glad i å rekna, fortel Marcel.

Per i dag sit dei og jobbar i saman med klassekameratane i matematikktimane. Men i fjor fekk Marcel følgja undervisinga på Kvinnherad vidaregåande skule (KVV). 
– Eg skulle ønskt vi fekk lov til det i år også, men vi har fått beskjed om at dei ikkje har plass til oss. Det er litt keisamt, meiner Marie.

Marcel nikkar samd: 
– Det var veldig nyttig å få følgja matteundervisinga i det faget eg tok, så sånn sett er det litt dumt at vi ikkje får sjansen i år, forklarer han.

– Kva gjer de når de byrjar på vidaregåande, og nærast er ferdig med matematikken? 
– Eg tenkjer eg får satsa ekstra på dei andre faga, då. Eller eventuelt sjå om eg kan ta matematikk frå høgskule. Vi får sjå, smiler Marcel, som har søkt seg inn på studiespesialiserande frå hausten av.

Marie har òg tenkt å sikra seg studiekompetanse. 
– Eg trur eg vil bli lærar. Kanskje realfagslærar, fortel ho.

Marcel ønskjer å utdanna seg innan datafag. 
– I dette inngår jo ein del tal, så det passar fint, meiner han.

LES OGSÅ: Dårleg tilbod til flinke i vest

Har fått brynt seg
Lærar Olderkjær sin undervisingsdag går sin gang sjølv om han har to elevar som i prinsippet er vidaregåande-elevar i matematikk. Men ved eit par høve har han fått brynt seg litt. 

– Det har vel hendt eit par gonger viss Marcel har spurd meg om rettleiing, at eg har måtte tenkt meg litt ekstra om. Det er trass alt tjue år sidan eg gjekk på vidaregåande sjølv, blunkar han.

Marcel og Marie er dei to einaste grunnskuleelevane i Sunnhordland som tek vidaregåande fag, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet. Totalt 72 ungdom i Hordaland følgjer ordninga, kor av dei fleste bur i Bergen eller kommunane rundt. Det var ved innføringa av Kunnskapsløftet i 2006 ein opna for at ungdomsskuleelevar kan følgja fag ved vidaregåande skular.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.