– Gjer Grunnlova til eit språkleg lappeteppe

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foreslår målmiks i Grunnlova

– Stortinget bør leggje vekk dei moderniserte framlegga til Grunnlov på bokmål og nynorsk og i staden ta inn nye vedtak i det språket og den målforma som måtte passe, lyder forslaget frå Stortingets avtroppande ombodsmann Arne Fliflet.

I den opne høyringa om moderniseringa av Grunnlova som kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget heldt onsdag, foreslo Fliflet «ein tredje veg» i tillegg til dei forslaga komiteen har til behandling.

LES OGSÅ: Nynorsk Grunnlov?

– Frigjere oss frå tvangstrøya
Forslaga er på den eine sida dei moderniserte parallellversjonane på bokmål og nynorsk som Grunnlovsspråkutvalet under leiing av jussprofessor Hans Petter Graver har laga, på den andre ei meir varsam justering av den opphavlege grunnlovsteksten som språkprofessor Finn-Erik Vinje har stått for. Stortinget skal òg vurdere om nynorskteksten til Graverutvalet skal stå side om side med Vinje-versjonen.

Fliflet meinte at Stortinget bør leggje vekk alle desse framlegga og i staden halde på Grunnlova slik ho er, men gjere ho til eit språkhistorisk dokument, eit språkleg «lappeteppe» i positiv forstand.

– Vi må frigjere oss frå den tvangstrøya at alle nye vedtak i Grunnlova må ha ei språkform som står til den gamle, sa Fliflet.

LES OGSÅ: Ein rar gamal tekst

Inga tru på lappeteppet
Styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet fortalde komiteen at Språkrådet ser både Vinje-forslaget og Graver-forslaga som gode og gjennomarbeidde, men rådde Stortinget til å velje Graver-versjonane, ettersom avstanden mellom bokmåls- og nynorskteksten da blir mykje mindre. Fliflets lappeteppe hadde han inga tru på.

Under høyringa presenterte elles Graver og Vinje forslaga sine, mens komiteen òg fekk innspel frå professorane Eivind Smith, Aanund Hylland og Trond Nordby og dessutan Stortingets ombodsmann for forvaltninga Arne Fliflet.

Komiteen skal leggje fram innstilling i saka 29. april.