– Ungdomsretten må utvidast

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vert ofte overraska over kor lite ungdommane veit om kva rettar dei har, fortel Sherry Hakimnejad, som arbeider i Kompass og co.

LES OGSÅ: – Fråfall frå vidaregåande aukar risiko for trygd

Tabu å ikkje ta vidaregåande
Hakimnejad har tidlegare arbeidd i barnevernet og er no sosial entrepenør.

Bedrifta Kompass & co arbeider med rundt tretti ungdommar som slit med å kome seg ut i arbeidslivet. Fleire av desse har missa ungdomsretten til vidaregåande opplæring etter å ha hoppa av og byrja på nye linjer gjentekne gongar.

– Mange av desse var ikkje på skulen når informasjonen vart gitt, eller forstod ikkje alvoret i det, forklarar Hakimnejad.

Ungdomsretten betyr at ein har rett på tre års vidaregåande opplæring i løpet av ein femårsperiode etter ein har byrja.

Det betyr at ein kan vente med å starte på vidaregåande etter grunnskulen, noko Hakimnejad trur kan vere ei løysing for nokon.

– Men det er tabubelagt for ein rådgjevar å seie at ein elev ikkje bør byrje på vidaregåande etter ungdomsskulen, meiner den sosiale entreprenøren, og nemner alternativ som jobbtiltak der ungdommar òg får nytte tid til å ta igjen dei andre sitt faglege forsprang.

LES OGSÅ: Trur kommunen kan hindre fråfall

Alvoret etter haustferien
Ein anna ting mange ikkje er klar over er at om ein avsluttar eitt påbyrja skuleår før 1. oktober, reknast ikkje dette året som ein del av retten.

Hakimnejad har inntrykk av at dei færraste får problem før denne datoen, som vanlegvis er rundt haustferien. Det er først etterpå at alvoret byrjar og nokon fell av lasset.

Om ein hoppar av og stadig skifter linjer på vidaregåande kan ein risikere å stå utan utdanningstilbod i alderen 20-25 år. Då får ein nemleg rett på vidaregåande opplæring gjennom vaksenretten.

– Kven skal halde desse ungdommane motivert for skulegang i fem år? spør Hakimnejad.

LES OGSÅ: – Matte bestemmer fråfall i skulen

Kontaktar Elevorganisasjonen
Leiar i Elevorganisasjonen Liv Holm Heide, deler Hakimnejad sitt inntrykk av at det er lite informasjon og kunnskap mellom elevane om kva rettar dei har.

– Mitt inntrykk er at få elevar veit om det. Det er noko ein nesten aldri får noko informasjon om. Eg fekk vete det gjennom Elevorganisasjonen.

Ho er meir informert om elevars rettigheiter enn dei fleste på grunn av sitt verv. Men det hender ofte at organisasjonen vert kontakta av elevar, som er overraska over at dei har mista retten til vidaregåande opplæring.

Sikre lik rett til utdanning
Holm Heide meiner at informasjonen er for dårleg og at mange elevar får for mykje ansvar for å finne ut av ting sjølv. Informasjonen kjem gjerne ein gong i første klasse, for ikkje å verte nemnt att.

– Det er spesielt viktig at dei som står i fare for å droppe ut får denne informasjonen, meiner leiaren i Elevorganisasjonen.

Ho peikar på at slik ungdomsretten er i dag, avgrensar han den allmenne retten til vidaregåande opplæring.

– Me meiner difor at ungdomsretten må utvidast for å sikre lik rett til utdanning, seier Holm Heide, som ikkje vil ha aldersavgrensing på retten til vidaregåande skule.

På spørsmål til Kunnskapsdepartementet om dei vurderer å utvide ungdomsretten, svarer dei via ein kommunikasjonsrådgjevar i ein e-post:

«I regjeringens politiske plattform er det slått fast at regjeringen vil gi livslang rett til opplæring. Oppfølgning av dette punktet i plattformen må utredes, og en utvidelse av rettighetene til videregående opplæring har budsjettmessige konsekvenser.»

Faktaboks

Ungdomsretten

• Du har rett på eitt av dine tre linjeval på vidaregåande.
• Du har ikkje rett på plass på ein spesiell skule.
• Ungdomsretten gjeld i fylket du er registrert busett i når søknadsfristen går ut.
• Etter VG1 har du rett på to år som byggjer på det året du allereie har teke.
• Du har rett på tre år med vidaregåande skule i løpet av ein samanhengandefemårsperiode. Denne retten må nyttast før utgangen av året ein fyller 24 år.
• Tek ein yrkesfag med opplæringstid kan ungdomsretten gje deg garantert fire års opplæring i løpet av ein seksårsperiode.
• Frå og med ein er 25 år har ein gjennom vaksenretten rett på vidaregåande opplæring, dersom ein manglar dette.

Kjelde: Vilbli.no, Regjeringen