For tida går det føre seg eit storstilt samarbeid mellom Valen sjukehus, Sunnhordland museum og skuleprogrammet VIP (rettleiing og informasjon om psykisk helse for ungdom). Ungdom frå dei vidaregåande skulane i Kvinnherad, Bømlo, Os, Lønborg, Framnes og frå Akademiet i Bergen vitjar i tur og orden det historiske sjukehuset i valebygda.
– Om lag 50 prosent av alle skulane i landet har VIP-programmet lagt inn i undervisninga si. Målet å å gje ungdom eit meir nyansert bilete av psykiatrien, og å få dei til å forstå kor vanleg psykiske lidingar faktisk er, fortel Kornelie Rossebø Sætre, forskingskoordinator og psykiatrisk sjukepleiar.
Får behandling heime
Vanlegvis vitjar programmet dei involverte skulane i deira respektive skulebygg, men denne gongen har ein fått til ein ekstraordinær og kjekk vri på undervisninga.
– Gjennom støtte frå den kulturelle skulesekken har vi laga eit kombinert program der elevane både får presentert VIP-programmet, og i tillegg får sjå det historiske teaterstykket «Den vanskelege historia» som Sunnhordland museum spelar. Og det at det heile går føre seg i eit faktisk psykiatrisk sjukehus, meiner vi er ein ekstra styrke ved programmet, fortel Sigrid Bøthun ved lærings- og meistringssenteret til Helse Fonna.
Med den historiske raude tråden vil ein då òg syna ungdom korleis psykiatrien har utvikla seg opp gjennom åra.
– Dei aller fleste som vert psykisk sjuke i dag, kan få behandlinga si heime. I dei aller færraste tilfella må ein bli buande på psykiatrisk sjukehus, slik det var vanleg før, påpeiker Rossebø Sætre.
I går var det elevar frå 2. året helsefag ved Os vidaregåande som fekk med seg undervisningsopplegget på Valen.
– Det var eit veldig interessant og sterkt opplegg. Særskild fordi vi utdannar oss til helsesektoren. Formidlinga under VIP var engasjerande, og teaterstykket syntest veldig ekte, meinte Rebecca Ellington.