– Det er mange store auge

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur det vil verte meir og meir teknologi i undervisninga, seier Kaja Vembe Swensen (25).

Leiaren i fugleflokken
Pedagogikkstudenten er ein av utstillarane under Maker Faire i Oslo. Det har vore travle dagar når ho skulle lage ein ny versjon av verket sitt «A flock of birds».

Publikummarane får sjølv dra i halen til leiarfuglen, denne har sensorar som er kopla til ein motor bak dei fjorten andre fuglane. Når ein dreg i leiarfuglen dreg motoren i usynlege trådar til fjorten andre fuglar. Dei rører seg og lysar. Dei følgjer leiaren.

Kaja laga installasjonen for fyrste gong då ho var på utveksling i Canada. Det var tilfeldigheiter som gjorde at ho tok faget Computing and Creative Arts på Queens University.

Kaja hadde aldri sjølv prøvd programmering, men ho hamna på gruppe med to sjølvutnemnde datanerdar. Ho tenkte ut ideen og det visuelle, og har fått god hjelp til den tekniske utføringa.

– Det er mange som har trekt i trådane, fortel ho.

For det er ikkje berre berre å finne ut av kor mange volt ein treng til ein slik installasjon. Men volt har det vorte og saman med fuglane gjev det ein overraskande effekt som engasjerer publikum.

LES OGSÅ:– Ein kan lære kva som helst på internett

Ei overrasking
For Kaja er overraskinga viktig. Det enkle papiret er noko kjent, som ein gjerne har leika med sjølv. Kanskje har folk til og med bretta slike fuglar. Overraskinga vert då når ein får dette i rørsle. Og det ser ut til å verke.

– Det har vore mange store auge. Ein unge tok eit skikkeleg barnegrep, og eg var spent på om fuglen ville halde, fortel Kaja.

Men fuglen heldt og Kaja vil gjerne at folk skal prøve seg på å styre fugleflokken, så får det stå til.

LES OGSÅ: Virtuell natur gjer oss godt

Teknologiframtid
Prosjektoppgåva, som tidlegare har vore vist på ei messe, har opna augo hennar meir for kva ein kan gjere med teknologi.

Pedagogikkstudenten er no i innspurten med masteroppgåva si om korleis teknologiske verkty kan nyttast i læring. Det handlar ikkje akkurat om ei gruppe papirfuglar, men ho har likevel fortsett med tekniske læringsverkty.

For spådommen hennar er at teknologi vil spele ei stadig større rolle i undervisninga i åra som kjem.

LES OGSÅ:Leverer pizza med droner

Sjå papirfuglane i rørsle i vindauga under: