Leverer pizza med droner

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunne du tenkt deg å bestilla pizza og få den levert minuttar etter med luftpost?

Den britiske avdelinga av pizzakjeda Domino’s viser korleis dei kan levera pizza med den fjernstyrte DomiCopter. I ein video som er lagt ut på Youtube, kan du sjå to pizzaer bli frakta av dronen trygt frå sendar til mottakar.

Videoen har allereie blitt sett over 600.000 gonger, og er omtalt av blant anna tv-stasjonen CNN.

LES OGSÅ: Fyll tanken med vind

– Me har fått vilt mykje spørsmål på epost om kva tid folk kan få levert pizza med DomiCopter. Du må berre venta å sjå – og så venta, skriv it-selskapet T and Biscuits på heimesidene sine der dei sleppte videoen.

Domino’s er likevel ikkje dei første i verda til å tenkja på ubemanna matleveransar gjennom lufta. I fjor skapte selskapet TacoCopter stor merksemd med å lova leveransar av rykande varm taco gjennom lufta. Seinare viste det seg at det heile var ein spøk.

LES OGSÅ: Vil du ha ein verkeleg Avatar?

I USA er det reglar mot kommersiell utnytting av droner. I Noreg er det førebels ikkje eit eige regelverk for bruk av droner, men alle som skal fly med ubemanna luftfartøy må søka Luftfartstilsynet om godkjenning. I tillegg er det nødvendig med tillating frå Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) dersom ein skal fotografera frå lufta.