I 181 av 187 land som er undersøkte, et folk meir salt enn det Verdshelseorganisasjonen (WHO) meiner er sunt. For første gong er saltinntaket i heile verda undersøkt.

NPK
NPK

Det gjennomsnittlege saltinntaket i verda i 2010 låg på rundt 10 gram om dagen, går det fram av ein ny studie styrt av forskarar frå University of Cambridge og Harvard School of Public Health, i samarbeid med Imperial College i London og University of Washington, fortel NRK.

WHO tilrår eit inntak på 2 gram natrium om dagen. Det svarer til rundt 5 gram salt kvar dag. Men det globale gjennomsnittet ligg altså dobbelt så høgt.

Verst er det i regionane langs den gamle Silkevegen – frå Aust-Asia gjennom Sentral-Asia til Midtausten og Aust-Europa.

Dei tidlegare sovjetrepublikkane Kasakhstan, Usbekistan, og Turkmenistan, Tadsjikistan, Kirgisistan, Aserbajdsjan, Armenia og Georgia har det høgste saltforbruket per innbyggjar i verda – saman med Mongolia, Kina, Sør-Korea, Japan og Thailand.

LES OGSÅ:Overvektige barn et færre måltid

– I nesten alle land konsumerer befolkninga mykje meir salt enn det som er sunt. Det er tydeleg at det trengst sterke politiske føringar frå styresmaktene, i tillegg til samarbeid med næringsmiddelindustrien, for å redusere saltforbruket kraftig, seier Dariush Mozaffarian ved Harvard School of Public Health i ei pressemelding.

I dei landa der forbruket ligg høgst vert også flest ramma av hjerte- og karsjukdommar. Ein reduksjon vil derfor bety ekstra mykje i akkurat desse landa.

Men i så godt som alle land vil befolkninga ha fordelar av å ete mindre salt mat og betre overvaking av forbruket, meiner forskarane. (©NPK)

LES OGSÅ:Kan du eta deg til Alzheimers?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE