Deler ut 65 nye oljeløyve på norsk sokkel

48 selskap får tilbod om 65 nye oljeutvinningsløyve på norsk sokkel. – Eit nytt klimamageplask for statsministeren, meiner Heikki Holmås (SV).

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

48 selskap får tilbod om 65 nye oljeutvinningsløyve på norsk sokkel når regjeringa gjennomfører ein ny runde med såkalla TFO-tildelingar i førehandsdefinerte område.

– Dette er ny rekord både i talet på utvinningsløyve og talet på selskap. Tildelingane gir eit godt utgangspunkt for vidare utforsking av nokon dei mest etablerte leiteområda på norsk sokkel, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp) tysdag. Han seier i ei pressemelding at det er «med stor glede» han sender ut tilboda.

LES OGSÅ: – Framtida står på spel for distrikta

Av dei 48 som får tilbod om løyve, blir 29 selskap tilbodne å vere operatørar. Dei 65 løyva fordeler seg på 38 i Nordsjøen, 19 i Norskehavet og 8 i Barentshavet.

– Regjeringa vil halde eit føreseieleg og høgt tempo når det gjeld å tildele nye område for petroleumsaktivitet. Rekordtildelingane i TFO 2013 er vårt første skritt på vegen og viser at vi held det vi lovar, legg Lien til.

Tildelinga møter motstand i SV, som kallar det «eit nytt klimamageplask» for statsministeren.

– Statsministeren aukar no norsk oljeavhengnad, medan omsynet til klimaet på jorda og norsk økonomi tilseier at vi må gå motsett veg, seier SVs miljøpolitiske talsperson Heikki Eidsvoll Holmås. Både SV og miljørørsla har tidlegare kravd at TFO-ordninga blir avvikla fordi ho ikkje tek nok miljøomsyn, men SV klarte ikkje å få til ei avvikling i dei åtte åra dei sat i regjering. (©NPK)

LES OGSÅ: Forskarar meiner EØS-avtalen trugar demokratiet