Forskarar meiner EØS-avtalen truar demokratiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– EØS-avtalen truar demokratiet

I praksis set EØS-avtalen Grunnlova til side, konkluderer ei gruppe forskarar frå Arena Senter for europaforsking ved Universitetet i Oslo (UiO) i boka «Det norske paradoks: Om Norges forhold til Den europeiske union».

EØS-avtalen var alternativet til EU-medlemskap, men forskarane konkluderer med at Noreg mista sjølvråderetten.

– Med denne tilknytingsforma til EU har Noreg i realiteten oppnådd det motsette av det som var hovudføremålet med å stemme nei, kommenterer professor Erik Oddvar Eriksen på Arenas eigne nettsider.

LES OGSÅ: Skillingsboller i fare

EU-samarbeidet er i konstant utvikling, noko som òg utvidar EØS-avtalen til stadig nye område utan at dei norske folkevalde er med og bestemmer. I praksis gjer Brussel vedtak på vegner av borgarane i Noreg.

– Viss folket ikkje blir kopla opp mot det politiske systemet, kan det ikkje lenger kallast sjølvstyre, seier professor John Erik Fossum, som saman med Eriksen er redaktørar av boka, som kjem samtidig som jubileumsåret for Grunnlova. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om EU?