Skillingsbollar i fare

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei nytt EU-forskrift set no grenser for kor mykje kumarin det kan vera i maten som blir produsert i EU og EØS-landa. Kanel inneheld kumarin, som er eit skadeleg stoff som kan gi leverskadar i større mengder.

Dei nye reglane set grenser for kor mykje kanel det kan vera i sesongbunde og tradisjonelt bakverk – eller i vanleg ”fint bakverk”. For vanleg fint bakverk er det berre lov med 15 mg per kilo, medan sesongbunde og tradisjonelt bakverk kan innehalda 50 mg. Fødevarestyrelsen, tilsvarande det norske Mattilsynet, definerer kanelbollar som vanleg ”fint bakverk” – noko som fører til problem for dei danske ”kanelsneglene”.

LES OGSÅ:O, jul med di glede?

Andre reglar i Sverige
– Det høyrer jo ingen stader heime at ein forbyr kanel. For det har me jo brukt i dansk bakverk så langt ein kan hugsa, seier Hardy Christensen til Danmarks Radio. Han er bakar og formann for dei danske bakar- og konditormeistrane.

I Sverige har styresmaktene definert sine ”kanelbullar” som tradisjonelt bakverk – noko som gjer det lettare å ha vanlege mengder kanel i skillingsbollane der.

LES OGSÅ:Kan du eta deg til Alzheimers?

Åtvarar storforbrukarar
Mattilsynet i Noreg har førebels ikkje tatt stilling til om dei skal definera kanelbollar som tradisjonelt bakverk eller fint bakverk.

– Me seier at storforbrukarar må avgrensa bruken av kanel, seier seksjonsleiar ved Mattilsynet, Atle Wold til Framtida.no. Han bed også om at bakarar må visa aktsemd med bruken av kanel, men presiserer at normal bruk ikkje er skadeleg.

– Kanel finst både i kosttilskot og i kanelte. For små barn kan det også vera grunn til å vera forsiktig med inntaket av kanel, påpeikar han.

QUIZ: Kva veit du om EU? Test deg sjølv!