Vil gje Widvey nynorsk kveik

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes vil styrkja nynorsken si stilling. Og ynskjer kulturminister Thorhild Widvey med på laget.

– Ho må verta kjend med nynorskfylket framfor noko. Fylket vårt er grunnfjellet i nynorsk, og me vil visa breidda i eit fylke der nynorsk er det dominerande skriftspråket i all offentleg forvaltning, seier Åshild Kjelsnes.

Teater og forlag
Fylkesordføraren lovar statsråden også eit allsidig møte med mange sider av nynorskfylket. Fylkeskommunen arbeider aktivt med nynorsk og tek utviklinga til det nynorske skriftspråket på alvor.

Samarbeidspartane i nynorsk forum vil delta som innleiarar eller deltakarar. I det førebelse programmet er det lagt opp til at representantar for alt frå næringslivet og media til Sogn og Fjordane teater, forlaga Skald og Selja, i tillegg til fleire språkforskarar.

Overnatting og middag
– Fylkestinget vedtok i 2012 ei språkpolitisk satsing for å styrkja nynorsken sin posisjon, og fylkeskommunen tok initiativ til å etablera eit nynorsk forum i Sogn og Fjordane, seier Kjelsnes. Ho håpar statsråden finn plass til ei vitjing i februar – april, helst med overnatting og slik få tid til ein hyggjeleg middag med kulturinnslag.

– Eg håpar invitasjonen skal få statsråden nyfiken når det gjeld nynorsk. Og ikkje minst at vitjinga kan vera ein inspirasjon i det vidare arbeidet med å styrkja, gjera synleg og drøfta stoda for det nynorske skriftspråket.

Kulturministeren i den førre regjeringa var òg invitert til eit språkpolitisk møte. Då datoen var sett, vart ministeren sjuk og møtet rann ut i sanden. No tek fylkesordføraren tak for å få møte med den nye kulturministeren med vestnorske røter frå Karmøy.

Nynorskinstitusjonar
Møtet vert lagd til Førde som er eit tyngdepunkt for nynorskinstitusjonar i landet.

– Fylket har eit eineståande avis- og etermedia, her er den største nynorskavisa i landet, og har to opplæringssentra for nynorskbrukande journalistar. Andre sterke nynorskinstitusjonar er Sogn og Fjordane teater, Nynorske Litteraturdagar og Sogndal Fotball. Næringslivet nyttar nynorsk som del av si merkevarebygging, som t.d. Lerum fabrikker og Hotell Alexandra. Og elevar i vidaregåande viser stor språkleg tryggleik, seier Kjelsnes. Ho er oppteken av at fylket skal vera synleg på språksektoren.

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane får nynorsk forum

Oppglødd målleiar
Leiaren i Noregs Mållag er oppglødd for at fylkesordføraren vil ha kulturministeren til fylket vårt.

– Ein flott og god idé, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Ho er oppteken av kor viktig det vil vera for kulturministeren å både sjå og oppleva kor sterkt nynorsken står i fylket vårt.

– Ikkje minst fordi me stadig høyrer om at det ikkje lenger vil vera nynorsk her i landet. Sett frå fylket vårt er det absurd. For kulturministeren å sjå at verda ser annleis ut frå Sogn og Fjordane enn frå Oslo, seier ho.

Les saka i Sogn Avis!