Etter mange år med prisvekst, ligg det no an til fallande bustadprisar i byane. Prisane på bustader på bygda vil derimot halda seg meir på det jamne, spår ekspertar.

NPK
NPK

– Bygda har mindre bustadbygging, men også mindre folkevekst, så marknaden er meir stabil enn i byane, seier administrerande direktør Christian V. Dreyer i Eiendomsmeglerforetakenes Forening (Eff) til Nationen.

Tal frå foreininga viser at bustadprisane i landet i snitt vil gå ned med 1– 3 prosent i år. Men sjølv om det er venta eit prisfall i sentrale strøk, vil det framleis vera ein vekst, meiner Bjørn -Erik Øye i Prognosesenteret.

– Vi vil framleis sjå ein vekst, berre ikkje like stor, seier han. Han peikar på at prisen på bustader her i landet i snitt har auka med 6,5 prosent kvart år, men at det no flatar ut.

LES OGSÅ: Nokon meir miljøvenlege?

Sjølv om ekspertane meiner at bustadprisane vil halda seg mest stabile på bygda, peikar Øye på at det også skjer ei urbanisering i distrikta. Grunnen er at stadig fleire av dei kommunale tenestene blir samla i sentrum og at folk flyttar etter.

Det er likevel stor skilnad på bustadprisane i by og land. Medan du i desember snitt måtte ut med 42.800 kroner per kvadratmeter i Oslo, slapp du unna med ein snittpris på 17.300 kroner per kvadratmeter i Hedmark.

Det er også stor skilnad mellom by og land på kor lang tid det tek å selja ein bustad. (©NPK)

Les meir om privatøkonomi her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

ANNONSE