Nokon meir miljøvenlege?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er gratis energi i sola som kjem inn. Så kvifor ikkje bruka den?

Det seier Arild Haukeland i sitt miljøvennlege hus.

Vindmølle på taket
For på taket har dei to solfangarar, i golv og veggar har dei vassboren varme, huset er ekstraisolert, dei har ei stor varmepumpe og går det som Arild vil, kjem det etter kvart ei lita vindmølle på taket.

LES OGSÅ: Skal få slutt på oljefyr

Den svært teknisk interesserte mannen har hatt tankar kva miljøtiltak han ville ha på plass i huset sitt før han møtte kona Vibeke.

– Ho hadde på si side miljøinteressa med seg, men visste ikkje så mykje om dette knytt opp mot hus. Så har me no kombinert dette saman, seier han.

For huset deira stod innflyttingsklart i oktober 2012 på Ikenberget og er rekna som eit lågenergihus med ekstra isolering i veggane. og sjølv om solfangaranlegget ikkje kom på plass før i april, er straumforbruket deira monaleg lågare enn i eit vanleg bustadhus.

Sjølv om det er fordelt på to bueiningar på til saman nesten 280 rutemeter, har dei ikkje brukt meir enn 2600 kWh på ein månad. Det var i januar 2013 då det er på det kaldaste.

Håpar å spara pengar på sikt
Denne vinteren er det grunn til å tru at forbruket vil gå vidare ned.

– Men eg har ikkje rekna på kva vi kjem til å spara, hevdar han.

LES OGSÅ: Slik fanger du sola

– Men det er litt av motivasjonen for å gjera dette. Det er og difor vi har ekstraisolert huset, seier han.

Han peikar på at å ekstraisolera eit hus er eit passivt tiltak å gjennomføra, samanlikna med til dømes ei varmepumpe som brukar straum.

– Dei passive tiltaka er der resten av huset si levetid. Og vi har redusert varmebehovet, seier han.

Vedomnen deira har dei enno ikkje tatt i bruk, og dei var ei tid litt usikre på om dei i det heile hadde behov for den.

– I januar måtte vi inn med ein oljeomn i stova for å halda på varmen. Så vi har lurt på om vi har gått på ein smell når det kjem til vedomnen, seier Vibeke.

LES OGSÅ: Punger ut for grønn bolig

Når vedomnen er oppe og går, vil varmen den produserer vera med på å varma opp vatnet som er i vasstanken deira.

Og i brannveggen bak omnen er det vassrøyr som er med og varmar opp huset deira.

Skal varma opp badebasseng
Og skulle straumen gå i huset, kan dei nytta vedomnen som steikeomn. Den er lagt til rette for det.

Då Nordhordland var på besøk i huset, onsdag denne veka, hadde solfangaren gått to timar den dagen og 17 timar så langt i oktober. Sidan installasjonen i april hadde systemet vore i drift i 1200 timar.

LES OGSÅ: Vanlig hus med uvanlig innhold

Naturleg nok er det om sommaren det er mest drift i anlegget. Det har Haukeland sjølvsagt ein plan for å få utnytta best mogleg.

– Vi vil ha eit badebasseng på plass, med vatn som vert varma opp av solfangaren, seier han.

Det som truleg har avskrekka mange frå å gjera slike installasjonar er prisen. For det er ingen tvil om at det er dyrare.

Familien Haukeland reknar med å ha brukt minst 300 000 kroner meir enn ved bygging av ein vanleg bustad.

Berre for vedomnen, solfangaranlegget, og vasstanken har kosta dei 100 000 kroner.

I tillegg kjem anlegget for vassboren varme, spesialglas i huset og arbeidet. Dei har lagt ned mykje eigeninnsats, fått hjelp av ein svigerfar som er byggmeister og ikkje minst spart store summar på røyrleggar, då han berre har kontrollert og godkjent jobben som er gjort.

Huset har auka i verdi
– Men takstmannen sa til oss at samanlikna med eit vanleg bustadhus som oppfyller minimumskrava i lova, er taksten her sett 700 000 kroner høgare, seier han.

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes er naturlegvis begeistra for den miljøvennlege familien.

– Berre det at vi kan få koma inn og sjå det dei har utvikla i heimen sin er imponerande, seier ho.

Vil ha fleire med
Lindås og Radøy kommunar er begge med på eit prosjekt der ein skal kvitta seg med oljefyrte omnar i heimar og offentlege bygg og gå over til meir miljøvennlege løysingar.

– Eg er glad vi har kome i gang i forhold til Oljefri.no og spela på lag med Naturvernforbundet. Det trur me er bra for kommunen og innbyggarane, seier ho.

Tirsdag denne veka vart det arrangert eit informasjonsmøte for innbyggarane i Lindås om korleis ein skal gå fram for å kvitta seg med uønska oljeomnar, og over 80 personar møtte fram.

Men ho saknar meir engasjement frå grannekommunane.

– Eg såg gjerne at fleire kommunar i Nordhordland var med på dette, seier ho.

Les saka i Nordhordland!