Stadig fleire «eliteelevar»

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Få «eliteelevar» i vest

I år er det 1414 ungdomsskuleelevar som tar fag frå vidaregåande skule. Det er ein auke på 230 elevar frå året før. I år er det 11 elevar på 8. trinn som tar fag frå vidaregåande, mot 3 året før. Det viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

Tala viser blant anna at talet grunnskuleelevar som tar fag på vidaregående skule, aukar år for år. Ordninga starta i 2008, og i skuleåret 2009–2010 tok totalt 724 ungdomsskoleelevar fag på vidaregående skule.

Vestlandet på botn
Over halvparten av grunnskuleelevane som tek vidaregåande fag bur i Oslo, Akershus eller Buskerud.

Flest ungdomsskuleelevar som tar fag på vidaregåande er det i Oslo (451), Drammen (56) og Bærum (52). Til samanlikning er talet 7 i Sogn og Fjordane og 72 i Hordaland.

LES OGSÅ: Dårlegast tilbod til flinke i vest

Godt samarbeid
Éin av kommunane som merkar seg ut med mange grunnskuleelevar som tar vidaregåande fag er Vennesla. I kommunen med 13.800 innbyggjarar er det 20 elevar som gjer dette. Kommunalsjef Kristin E. Robstad i Vennesla seier til Kommunal Rapport at talet skuldast eit godt samarbeid mellom kommunen og dei vidaregåande skulane.

– I kommuneplanen heiter det at me skal auka utdanningsnivået i befolkninga. Difor har me ønskt å ta fatt i høve for å tilby grunnskulelevar å ta fag på vidaregåande skule. Suksesskriteriet er blitt eit godt og tett samarbeid mellom dei ulike skulane. Det handlar også om å gi elevane god rådgjeving, seier Robstad til kommunal.rapport.no.

Ho tilbakeviser at kommunen har spesielt flinke elevar. På åttande trinn ligg dei litt under landsgjennomsnittet. For femte trinn ligg dei på gjennomsnittet og på eksamensfag for vidaregåande skule ligg dei litt over snittet.