Stadig fleire tek opp forbrukslån for å skaffa eigenkapital

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar mot ny lånetrend

I 2011 blei kravet til eigenkapital ved bustadkjøp auka frå 10 prosent til 15 prosent fordi politikarane og Finanstilsynet ville få ned lånegraden til nordmenn og gje både bankar og kundar ein ekstra tryggleik viss bustadmarknaden skulle falla. Men no viser det seg at stadig fleire bustadkjøparar skaffar pengar til eigenkapitalen ved å ta opp forbrukslån, skriv Dagens Næringsliv.

– Då bankane stramma inn kravet til eigenkapital merka vi heilt klart ein tydeleg oppgang i talet på forbrukslån i Noreg. Eg ser ikkje noko anna årsak til dette smellet enn at folk tok til å bruka forbrukslån som eigenkapital, seier Baard Bratsberg, styreleiar i Norske inkassobyråers forening. Han meiner at dette er årsaka til talet på tvangssal av eigedom i Noreg no er det høgste nokon gong.

I år er det gjennomført 7.144 slike tvangssal, mot 6.156 i fjor. Talet er nesten dobbelt så høgt som i kriseåret 2008. 

Tal frå Finanstilsynet som blei lagt fram av inkassobransjen onsdag viste at talet på forbrukslån auka med 7,5 prosent frå 2011 til 2012. Førebelse tal for i år viser ein auke på 8,8 prosent frå 2012 til 2013. Finanstilsynet ønskjer førebels ikkje å kommentera saka. (©NPK)

LES OGSÅ: Rekordmange unge får hjelp til bustadkjøp