Løft for lærlingar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me håpar Lærlingløftet kan bidra til ein felles bevisstheit blant norske bedrifter om kva fordelar det gjev å ha lærlingar og kor viktig lærlingordninga er for framtidig rekruttering, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Får ikkje lærlingplass

Portalen til bedriftene
I går lanserte Kunnskapsdepartementet dei nye nettsidene Lærlingløftet, som inneheld informasjon om lærlingordninga til bedriftene. Korleis går ein fram for å få lærlingar? Kva krevjast? Kva støtteordningar finst?

Lærlingløftet er utvikla i samarbeid mellom utdanningsmyndigheitene, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og partane i arbeidslivet. I 2011 teikna desse Samfunnskontrakten, som forplikta til jobbe mot ei auke av læreplassar. Målet var ei 20 prosent auke innan 2015.

Med 114 millioner kroner ekstra vonar regjeringa òg å gje yrkesfaga eit løft. Målet er å styrke samarbeidet med arbeidslivet og sikre at opplæringa vert meir relevant og praktisk retta.

LES OGSÅ: – Må søkje seg til utkantane

Pengar og staten
I dag får bedrifter 112.729 kroner i basistilskot for ein lærling, der ein reknar med eitt års opplæringstid før verdiskaping.

Pengane vert fordelt ut over heile læreperioden, som ofte er på to år. Tilskotet varierer mellom anna etter lærlingens alder og behov.

Regjeringa vil auke dette tilskotet, samt gje eit starttilskot på 50.000 kroner til nye bedrifter. 

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner meiner at òg statlege verksemder må ta sin del av ansvaret og skape fleire læreplassar i det offentlege.

 – Me trur at lett tilgjengeleg informasjon og bevisstgjering av moglege lærebedrifter kan bidra til fleire læreplassar i åra framover, seier kunnskapsministeren.