Får ikkje lærlingplass

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mohammed Hasan og Saeid Yasin kom til Sauda i samband med introduksjonsprogrammet for tre år sidan. No er dei i ferd med å avslutte andre og siste året på elektrolinja ved Sauda vidaregåande skule og skal snart ut i lære. Problemet er berre at ingen bedrifter vil gi dei lærlingplass.

– Vi er dei einaste elevane i klassen som ikkje har fått tilslag. Eg har sendt ut 21 søknadar i heile Rogaland, inkludert i Sauda. Enkelte har ikkje ein gong svart tilbake. Dei som har teke seg bryet med å svare gir ikkje noko grunngjeving og skriv ofte berre «dessverre og lykke til vidare», fortel Yasin.

Dei to skuleelevane, som høvesvis kjem frå Somalia og Eritrea, har fått gode karakterar gjennom heile skuleløpet. Sjølv om dei ikkje har noko god forklaring på kvifor dei ikkje har fått gjennomslag hos ei einaste bedrift, utelukkar dei ikkje at namna deira har spelt ei vesentleg rolle.

LES OGSÅ: Set skulen i arbeid

– Kanskje, seier begge nærast i kor og trekker oppgitt på skuldrene.

– Det er alltid slik at norske elevar får plass først, og så vi andre etterpå. Dei tenker vel kanskje at det først og fremst er nordmennene som er framtida for landet, supplerer Saeid Yasin.

Skuleåret er over om ein dryg månad. Slik situasjonen er no fryktar Hasan og Yasin at dei blir ståande utan lærlingplass til hausten.

LES OGSÅ: Flest læringar i vest og sør

– Det er frustrerande. Dessutan går tida fort. Eg er 26 år og føler at eg ikkje har noko tid å miste, seier Hasan.

– Det er ingen kjekk situasjon å vere i. For korleis skal livet og framtida bli dersom vi ikkje får kontrakt? spør Yasin retorisk.

Les saka i Ryfylke!